Halvor Lindahl fotografert i januar 197.3
Halvor Lindahl fotografert i januar 197.3

- Ideane fekk han om natta

I nær 40 år leverte Halvor Lindahl aktuelle teikningar til Hallingdølen. Frå 1953 til 1991 rundt tusen i alt. No blir det bok av det.

– Ideane kom ofte om natta, seier Astrid Lindahl (91). Halvor hadde alltid papir og ein blyantstubb liggande på nattbordet. Når det kom ein ide, måtte han notere den ned.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturperson

Halvor Lindahl (1919–2010) frå Nesbyen, er ein av Hallingdals store kulturpersonar. Han starta som husmålar, heldt fram som rosemålar og enda som kunstmålar. Ved sida av dette var han ein ivrig sosialdemokrat, kommunepolitikar og kulturarbeidar på kommune- og fylkesplan. Hans utstillingar var store hendingar.

I bokform

Teikningane «Lindahl i dag» var verdsette pustepausar i Hallingdølen i 38 år. Gjennom strek og ein fyndig tekst kommenterte han stort og smått i dalføret.

I to proppfulle utklippsbøker har Astrid Lindahl samla nær tusen av desse teikningane. No er dei også tekne vare på digitalt. Nes historielag har teke ansvar for at denne kulturskatten blir tilgjengeleg. Om lag 130 teikningar er plukka ut til ei bok som kjem til hausten.

Ei Lindahl-utstilling var alltid ei storhending. Her er Halvor Lindahl fotografert i samband med ei utstilling på 70-talet. (Arkivfoto).
Ei Lindahl-utstilling var alltid ei storhending. Her er Halvor Lindahl fotografert i samband med ei utstilling på 70-talet. (Arkivfoto).
Den første Lindahl i dag sto på trykk 17. november 1953. Temaet var kven Ål skulle dele krafta si med, og kva den skulle brukast til.
Den første Lindahl i dag sto på trykk 17. november 1953. Temaet var kven Ål skulle dele krafta si med, og kva den skulle brukast til.
Astrid Lindahl blar i utklippsbøker saman med Ole Solli frå Nes historielag (t.v.) og Arne Ole Lindahl.
Astrid Lindahl blar i utklippsbøker saman med Ole Solli frå Nes historielag (t.v.) og Arne Ole Lindahl.
Nær tusen Lindahl i dag-teikningar fyller to tjukke utklippsbøker.
Nær tusen Lindahl i dag-teikningar fyller to tjukke utklippsbøker.
Den siste Lindahl i dag stod 29. august 1991 og handla om kommunepolitikk i Hemsedal.
Den siste Lindahl i dag stod 29. august 1991 og handla om kommunepolitikk i Hemsedal.
Lindahl i dag, 1969.
Lindahl i dag, 1969.
Lindahl i dag, 1974.
Lindahl i dag, 1974.
I februar 1985 kommenterte Lindahl vinterkulden slik.
I februar 1985 kommenterte Lindahl vinterkulden slik.
Juni 1962.
Juni 1962.
Halvor Lindahl leverte ofte politiske kommentarar. (Udatert).
Halvor Lindahl leverte ofte politiske kommentarar. (Udatert).
At det skulle bli fleire skulepsykologar i Hallingdal førte til denne Lindahl-kommentaren. (Udatert).
At det skulle bli fleire skulepsykologar i Hallingdal førte til denne Lindahl-kommentaren. (Udatert).
På 50-talet var det snakk om å slå saman Nes og Flå. 1954.
På 50-talet var det snakk om å slå saman Nes og Flå. 1954.
Elgjakta var eit tema som Halvor Lindahl gjerne tok opp att. 1963.
Elgjakta var eit tema som Halvor Lindahl gjerne tok opp att. 1963.
I 1982 var det varmt i Hallingdal. Då kom denne kommentaren.
I 1982 var det varmt i Hallingdal. Då kom denne kommentaren.
Det kunne røyne på å finansiere idretten i Hemsedal. 1991.
Det kunne røyne på å finansiere idretten i Hemsedal. 1991.

I posten

– Far tumla med desse teikningane heile tida, seier sonen Arne Ole. Han hadde alltid blyant og papir nær seg. Han kunne teikne skisser på ein serviett eller ein lapp. Når han var tilfreds med resultatet, enda teikninga opp i ein konvolutt, med ein liten handskriven tekst, som gjekk i første postgang til Ål.

{{imageLeft}}

Teikningane kom på trykk i rykk og napp. Enkelte gongar kom dei som perler på ei snor i kvar utgjeving. Andre gongar kunne det vere ein pause. I gjennomsnitt er tusen teikningar på 38 år ei teikning annakvar veke.

Aktuelle

Lindahl sine teikningar var mangfaldige. Nokre byr på humoristiske kommentarar og observasjonar, andre handlar om daglegdagse situasjonar, og så er det kommentarar til aktuelle hendingar. Men aller mest, og aller skarpast, er hans kommentarar til lokalpolitiske saker, godt fordelt på alle kommunar i dalen. Elgjakt, kraftproblematikk, kommunesamanslåing og lokaliseringsdebattar var faste emne. Lindahl likte også å pirke borti alkohol- og skjenkesaker.

– Han var aldri vondskapsfull, han ville ikkje gjere seg til uvenns med nokon. Men fordi han kommenterte det aktuelle, hende det at enkelte vart litt såre. Difor kom det nokre protestbrev, men aller mest kom det ros og positive kommentarar, gjerne med tips om kva anna han burde kommentere, seier Arne Ole.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Friminutt

Halvor Lindahl brukte heile livet sitt til skapande kunst. Teikningane hans var eit slags friminutt i den skapande verksemda.

– Han kunne sjå humoren i dei små ting. Han hadde ein høg humoristisk sans. Og var svært oppteken av språket. Å få til ein kort, saftig kommentar var det viktigaste av alt. Kvar tekst måtte ha ei «punchline», ei avslutning som sette det heile på plass, seier Arne Ole.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Kalde føter

Sønene Finn-Tore og Arne Ole skjøna tidleg kva verdi desse teikningane hadde. I 1988 hadde dei planane klare for ei bok.

– Me hadde valt ut teikningane. Far hadde sjølv sett opp ei liste. Me hadde til og med innhenta pristilbod på trykkinga. Men så fekk far kalde føter, fortel Arne Ole.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Halvor Lindahl var ein beskjeden kar. Han følte seg ikkje klar. Han var redd for kva folk ville seie. Ville dei tru at han hadde blitt høg på pæra?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ikkje stor nok for dette, sa han. Og dermed vart boka skrinlagt.

100 år

No er ikkje boka skrinlagt lenger. I regi av Nes historielag kjem det ei bok der dette bidraget til Hallingdals kulturhistorie er teke vare på. Den blir lansert i samband med Halvor Lindahl sin 100-årsdag 19. september.

– Halvor Lindahl var elles med på å stifte Nes historielag, og teikna dessutan logoen til laget, seier Ole Solli i boknemnda som driv fram prosjektet. Hallingdølen medverkar gjennom den grafiske produksjonen av boka.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Førjulstur

– Eg hugsar godt dei årvisse turane til Ål i november, fortel Arne Ole. Då tok me godstoget til Ål om formiddagen. Der leverte far årets produksjon av teikningar til disponent Erling Vindegg. Han telte dei opp, gjekk i safen og henta eit visst antal kroner. Så bar det vidare til åndsfrenden Paul Breiehagen på Sygnihaugen, der det var kaffi og kaker, forutan politiske og kulturelle debattar, før me tok toget heim att til Nesbyen. Det var store hendingar som sit spikra i minnet den dag i dag, seier Arne Ole Lindahl.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}