Terje Svarteberg frå Geilo vart norsk meister i feltskyting under Landsskyttarstemnet i Målselv. Ikkje rart han jubla.
Terje Svarteberg frå Geilo vart norsk meister i feltskyting under Landsskyttarstemnet i Målselv. Ikkje rart han jubla.

– Som lyn frå klar himmel

Terje Svarteberg trena meir enn nokon gong fram mot Landsskyttarstemnet. Fredag fekk han betalt.

Då vart skyttaren frå Geilo norgesmeister i feltskyting.

– Utruleg artig. Og overraskande. Dette kom som lyn frå klar himmel, seier Svarteberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trent bra

Men 31-åringen, som til dagleg jobbar i Geilo Maskin, har trena godt før årets store høgdepunkt.

Fleire timar og fleire skot har vorte brukt på skytebanen.

– Eg trena bra i vinter. Det vart mest på bane og innandørs, men det svarte seg på felt også, seier norgesmeisteren.

For i finalen skaut han 12/10 (42/10 som sluttresultat) og sette med det eit stort press på konkurrentane. Spenninga var stor då han følgde anvisinga til 40 skyttarar.

– Eg kjende at blodpumpa fungerte då, seier Svarteberg.

Men ein etter ein kom dei bak Geilo-skyttaren. Nærmast kom John Olav Ågotnes frå Sartor med 12/9 (42/9) og Trond Inge Rødland frå Klepp med 12/8 (42/8).

Køyrer på

– Det største eg har gjort, seier Svarteberg om NM-tittelen.

Breidda i skyting er enorm med mange moglege vinnarkandidatar. Svarteberg kan vere fornøgd når han les resultatlista. Der tronar han øvst føre meritterte namn som Ågotnes og Hans Kristian Wear.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange gode, med 80 mann med same utgangspunkt. Her er det både skyttarkongar og verdsmeistrar, seier Svarteberg.

Baneskytinga, der han vart nummer 15 med 344 poeng, er han også fornøgd med.

– No er det berre å halde fram og trene hardt. Eg skal iallfall ikkje trene mindre, seier Svarteberg.