Fiskar drukna i Sønstevatn
Ein mann i slutten av 60-åra frå Østfold omkom under ei drukningsulykke i Sønstevatn på Imingfjell.
Ulykka har truleg skjedd fredag kveld, men vart ikkje oppdaga før utpå dagen laurdag.
Mannen var på fisketur åleine og hadde leigd båt ved Imingfjell Turisthytte. Båten vart funnen tom like ved land ved Sønstevassdammen laurdag morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ettersom mannen var åleine og budde på ei hytte, vart han ikkje meldt sakna. Utpå dagen laurdag fekk turistverten mistanke om at det kunne ha skjedd ei ulykke og varsla politiet.
– Ein patrulje frå Hol lensmannskontor rykte ut. Mannen var funnen i vatnet og stadfesta omkomen på staden, opplyser etterforskingsleiar for politiet i Hallingdal og Nore og Uvdal, Halvard Jervell.
Han opplyser at alt tyder på at det dreier seg om ei tragisk drukningsulykke der ingen andre var involvert eller vitne til ulykka.
– Politiet ser ingen grunn til å etterforske saka, men kjem til å opprette ei rutinemessig undersøkingssak, seier Jervell.