Vil bruke 40 millionar på å fjerne flaskehals
Statens vegvesen planlegg ny bru på Rv52 til 40 millionar kroner. Arbeidet kan starte alt i 2013.
Områda rundt Venås bru på Rv52 i Tuv i Hemsedal er ei av desse. Vinterstid er det gjerne i dette området tungtransporten over fjellet får problem. Hemsedal kommune har for tida til behandling ein reguleringsplan som strekkjer seg frå brua og nordover – til og med Skøyten bru.
I det vedtekne handlingsprogrammet er det sett av 5 millionar til oppstart med ei ny Venås bru i 2013. Den totale kostnaden er rekna til 40 millionar. Vidareføring og fullfinansiering er føresett å kome med i handlingsprogrammet for perioden 2014–2017. Ny bru kan tidlegast stå klar i 2014.
Artikkelen held fram under annonsen.
I høyringsprosessen har to røynde lokalpolitikarar kome med innspel. Skal vegmyndigheitene ta desse på alvor, vil innspela kunne endre dramatisk på heile prosjektet. Håvard Venås og Olav Støyten er begge aktive politikarar. Som namna røper er dei også naboar i området. Venås er tidlegare leiar i hovudutval for plan og ressurs og Støyten tidlegare varaordførar. Dei tek til orde for å inkludere Støytebakken søraust for Venås bru i reguleringsområdet. Vinterstid er det frå og med denne bakken tungtransporten får problem. Dagens reguleringsplan startar først etter Støytebakken.
«Me meiner at i samband med ny Venås bru må ein og sjå på Støytebakken frå Rjukandefoss camping som og er ein flaskehals på Rv52», skriv dei to. Dei tek til orde for å flytte vegtraseen for å få retta ut vegen gjennom heile området. Dei vil etablere den nye Venås bru nedstraums dagens bru, i staden for ovanfor slik planen er. Mest truleg vil brua få eit lenger spenn over elva, noko som vil verke fordyrande. Dei 40 millionane ein reknar med den planlagde utbetringa vil kosta gir heller ikkje rom til å flytte nokon veg. Vegvesenet vil ikkje kommentere innspelet før dei gjer det som del av høyringsrunden.