Elisabeth og Håvard Falnes Kristoffersen møttest på Krik høyfjellsenter i Hemsedal då Elisabeth gjekk på fjellbibelskulen der i 2008.
Elisabeth og Håvard Falnes Kristoffersen møttest på Krik høyfjellsenter i Hemsedal då Elisabeth gjekk på fjellbibelskulen der i 2008.

Møttest på Krik – no er dei gift

Han hadde aldri høyrd om Krik, ho las om høgfjellssenteret alt som 15–16 åring.

– Eg er glad og takksam for den plassen. Livet hadde ikkje vore det same utan. Og eg er takksam for dei som hadde draumen om høgfjellssenteret og valde å gå for den. Sjølv om det var mange utfordringar, seier Elisabeth Falnes Kristoffersen. Ho og ektemannen Håvard Falnes Kristoffersen møtte kvarandre på Krik høyfjellsenter i i 2008.

Las om fjellbibelskulen

Alt 15–16 år gammal las Elisabeth las høgfjellssenteret. Ho er frå ein liten stad utanfor Sandnes og voks opp med Krik-aktivitetar. Kvar skule der har eit Krik-lag som treffest og har aktivitetar ein gong i veka. Fjellbibelskulen høyrdest spennande ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dit hadde eg lyst til å dra når eg var ferdig på vidaregåande skule. No jobbar ho i resepsjonen hjå Skistar. Ho var berre 18 år då ho kom til Hemsedal. Det var hausten 2008. Ho skulle gå ti veker på fjellbibelskule.

– Så tenkte eg at eg kunne vere her den vinteren som frivillig – og stå på snøbrett, smiler ho.

Bra folk

– Eg har ingen kristen bakgrunn og hadde aldri høyrd om Krik før eg kom til Hemsedal, fortel Håvard. Han er frå Valnesfjorden i Nordland og kom til Hemsedal i 2004 for å gå på utdanningstilbodet Sommer som Vinter. Etter studia spurde kameraten Audun Jonassen om han kunne tenke seg å reise attende til Hemsedal. For å stå på ski.

Både Håvard og Elisabeth Falnes Kristoffersen er svært aktive friluftsmenneske.
Både Håvard og Elisabeth Falnes Kristoffersen er svært aktive friluftsmenneske.
Håvard på ski.
Håvard på ski.
Elisabeth over elva i Grøndalen
Elisabeth over elva i Grøndalen

– Han var den einaste kristne kompisen eg kjende og introduserte meg for Krik og folka der, fortel Håvard. Der møtte han folk som verkeleg bryr seg, sjølv om han kom som skiboms.

– Ein veldig bra plass. Det var godt å kome innanfor dørene der, fortel han.

– Eg var ikkje søkjande, men sjukt gira på å stå på ski. Men og ferdig med festing og det livet der. På Krik var det bra folk å henge med, smiler han.

Håvard hjelpte til med bygging av mellom anna klatretårnet. Han fekk fort venner som skulle kome til å bety mykje for han.

Fann Jesus

– Folka eg møtte bar på noko bra som eg ikkje bar på. Eg vart interessert og ville drøfte ting, mellom anna med talarane som kom til fjellbibelskulen, fortel Håvard. Det var slett ikkje var lett å overtyde han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tenkte at dei får styre med det dei vil, ler han.

Men så kom det folk som opna augo hans. Mellom andre Shannon Kapp som kom for å undervise.

– Han møtte meg på min arena. Me hoppa brupendel, padla elvekajakk og sykla downhill saman. Med Shannon fekk eg verkeleg gå djupt i samtaler. Eg tok til å skjøne kven Jesus er, og eg vart kjend med han.

Håvard omtalar Krik som eit unikt og inkluderande miljø.

– Dei vart som familien min i Hemsedal, smiler han. Håvard kom for å klatre, stå på ski og bruke naturen. Og så fann han noko meir på vegen. Og på Krik høyfjellsenter skulle han også finne kjærleiken.

Fjellbibelskule

Hausten 2008 kom Håvard oppom for å helse på dei som skulle gå fjellbibelskule. Han fann straks tonen med Elisabeth.

– Eg såg henne med ein gong, smiler han og ser bort på Elisabeth. Dei prata ein del saman i løpet av hausten.

– Då han tok skjegget, såg eg at han var yngre enn eg trudde. Slett ikkje så mykje eldre enn meg, ler Elisabeth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då ho kom attende til Hemsedal i februar vart dei raskt eit par.

– Eg såg at dette er ein fyr eg kan vere i lag med resten av livet. Me var så trygge på kvarandre, smiler ho. Og ho treivst godt i fjellbygda.

– Eg har alltid likt snø betre enn regn, ler ho.

Paret gifta seg i 2010 og både Elisabeth og Håvard har pendla for å ta seg utdanning. Ho er utdanna i arbeid og organisasjonspsykologi. Han er barnevernspedagog og jobbar med ungdom. For tre år sidan kjøpte dei hus på Tuv.

– Eg blir meir og meir glad i Hemsedal. Dette er vorte heimen vår. Eg trur nok livet hadde teke ei annan retning om eg ikkje hadde reist på fjellbibelskulen. Eg voks så mykje på det. Fekk ein djupare forståelse av kven Gud er, samstundes som eg møtte Håvard, seier Elisabeth.

Begge er samde om at Krik er ein plass som kan gi mange eit perspektiv på livet – og som set spor.