Fredag startar Hallingløpet
Fredag går starten for det lokale sledehundløpet. Nær 80 spann skal kjempe om siger i Hallingløpet.
I fjor var det damene som dominerte Hallingløpet som går i Ranten-området i Nes. Dei sikra seg fire av seks sigrar. Sjølv om kvinnene framleis er i mindretal i løpssamanheng, oppnår dei stadig sigrar i sledehundløp. Fjorårets vinnar av Hallingen 160 km 8-spann, Hilde Askildt, køyrer for Hallingen Hundekøyrarlag og stiller også i år i same klasse. Det gjer også Elin Nordheim-Skarpås frå Vats. Ho måtte bryte for 14 dagar sidan under Gausdal Maraton på grunn av at ho sjølv vart sjuk. Fredag stiller Elin frisk og rask og skal kjempe om siger.
Fleire lokale
To nykommarar frå Hemsedal stiller også i 8 spann 160 km. David Wessel Johansen tok 3. plass i Gausdal Maraton med sitt 8-spann. Andre Heje måtte bryte, men prøver igjen under Hallingløpet. Tore Hunskår frå Gol fekk 2.-plassen i 8-spann under heilmaraton i Gausdal Maraton. Han hadde meldt seg på kortare distanse under Hallingløpet, men har omgjort det til 160 km. Etter 2. plass på 200 km i Gausdal Maraton, reknar han med at hundane er i slag.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 160 km open klasse stiller ungguten, men samstundes ein veteran i gamet, Andrè Bjørnstad frå Skurdalen. Her stiller også Lars Monsen, Nina Skramstad og favorittane Per Olav Gausereide frå Nannestad som deler spann med Elisabeth Edland – og Erle Frantzen frå Valdres.
Hallingløpet er eit viktig treningsløp fram mot Femundløpet som er om 14 dagar. I 80 km open klasse stiller Silje Botten Bergom frå Gol.
Sigrid Ekran, Ralph Johannessen og Bjørnar Andersen har trekt seg frå løpet.
Følg løpet
Ein kan følgje Hallingløpet på Facebook, eller på www.hallingen.org. Eller du kan ta med familien og reise opp til Ranten og oppleve spenninga på nært hald.
Løpet går frå Ranten som ligg mellom Nesbyen og Tunhovd. Løypa går frå 900 til 1100 meters høgde i variert bjørkeskog-terreng og fjellterreng, mellom Tunhovd, Myking og Rødungen. Starten for 160 km går fredag kveld. Når dei kjem tilbake etter ein 80 km runde, blir det obligatorisk kvile før dei startar på ein ny runde tidleg laurdag morgon. Dei som skal køyre 80 km eller 40 km distansane, blir sendt ut slik at det blir felles målgang om lag mellom klokka 14 og 17 laurdag ettermiddag.?Løypene er preparerte, klare og merka. Det er Hallingen Hundekøyrarlag som arrangerer løpet.