Rekordmann på Landskappleien?
Vebjørn Jøtun Fauske sparar seg ikkje til Landskappleiken på Fagernes. Men hallingane er færre enn normalt.
Landskappleiken er rett rundt hjørnet. I år blir festivalen arrangert samstundes med Jørn Hilme-stemnet den 19.–26. juli. Men hallingane stiller ikkje like sterkt som tidlegare år i A-klassane.
– Av dei som dansar springar i A-klassen stiller ingen av dei seks som til vanleg er med, fortel uoffisiell lagleiar Martin Myhr.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han trur det seine tidspunktet på festivalen gjer at han fort krasjar med jobb og andre planar mange har i ferien.
– Akkurat i år er det færre, ja nesten ingen A-dansarar frå Hallingdal, men det er tilfeldig – dei kjem tilbake neste år, legg han til.
Ulf Arne Johannessen er den einaste hallingen som stiller i A-klassen i hallingdans.
Stabilt blant dei yngre
Blant dei yngre er det fleire og meir stabilt enn blant A-dansarane. Heile 25 hallingar stiller i dei forskjellige tevlingane. Ein av dei er Vebjørn Jøtun Fauske. Han deltek på heile åtte tevlingar og både med halling, pardans, lagdans både halling og springar, solo hardingfele, solo torader og lagspel juniorspelemannslaget.
– Det trur eg nesten er ny rekord, smiler Martin Myhr.
Hallingboom i kveding
I år stiller ekstra mange i kveding klasse B. Dei kjem spreidd frå Gol, Hol og Hemsedal
– Det er ein liten hallingboom her i år, det er moro, legg Martin til.
Han gler seg til kappleiken og har trua på hallingane, sjølv om det krasja for ein del i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det viktigaste med Landskappleiken er jo inspirasjonen ein får til halde på i løpet av året. Sjølvsagt er det spenning, men resultatet er ikkje det viktigaste.
Strunkeveko
Men allereie veka før blir folkedans og folkemusikkmiljøet vekt til live i Valdres. Frå 17. juni blir Strunkeveko, Noregs største sommarkurs i folkedans og musikk, arrangert. Her blir ungdom tilbydd kurs i alt frå torader og hardingfele til hallingdans og folkedansteater. Om ein skal delta på Landskappleiken er dette ein fin arena å øve seg på, men det er også mogeleg for ungdom frå 11–24 år, som aldri har prøvd folkedans og musikk og melde seg på.
Tidlegare har det vore Landskappleik på Fagernes i 1957, 1978, 1992 og på Beitostølen i 2006.