Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ei god stafettetappe i Östersund.
Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ei god stafettetappe i Östersund.

Opplyftande stafettetappe

Det såg heilsvart ut etter fyrsteetappa av mixstafetten i Östersund, men Vetle Sjåstad Christiansen og lagkameratane sende Norge inn i sigerskampen.

Skiskyting: Verdscupsesongen i skiskyting opna med mixstafett sundag.

Vetle Sjåstad Christiansen (22) hadde ein god og ein dårleg dag i den nasjonale opninga for to veker sidan. Sundag imponerte han med ei god stafettetappe for det norske laget. Det gir sjølvtillit før resten av verdscupveka. Geilingen går etter planen sitt fyrste individuelle verdscuprenn for sesongen onsdag. Då står normaldistanse på programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bom

Synnøve Solemdal gjekk den fyrste etappen for det norske laget, og hadde ingen god dag på standplass.

Tingvolljenta måtte bruke alle ekstraskota, og ut i strafferunden. Ved veksling var ho over halvtanna minutt bak teten.

Dei tre lagkameratane hadde derimot ein god dag på jobben. Tiril Eckhoff overtok stafettpinnen og knappa inn eit halvminutt av forspranget til konkurrentane.

Gode

Då gutane overtok gjekk Vetle Sjåstad Christiansen ut 56 sekund bak teten.

Christiansen fylte på liggandeserien og gjekk det norske laget oppover på listene. På ståande måtte han ta i bruk ekstraskot, men geilingen trefte på alle tre og unngjekk strafferunden. Han sende Lars-Helge Birkeland ut på ankeretappen under halvminuttet bak. Sørlendingen klarte seg utan ekstraskot og spurta til slutt med franske Martin Fourcade og tyske Simon Schempp om sigeren. Den franske favoritten vart for sterk, men Birkeland og det norske laget kunne juble for andreplass.

Verdscupopninga i Östersund held fram med individuelle øvingar inn mot helga.