Kreativ lagbyggar
Forgjengarane Erling Vindegg og Kjell Vidar Bergo sat over 60 år til saman i direktørstolen. Men Hallingdølens nye administrerande direktør har ikkje prestasjonsangst.
Christian S. Andersen er audmjuk, men klar for oppgåva.
Og berre så det er sagt: Hallingdølens nye administrerande direktør er ikkje nokon blåruss som kjem til Hallingdal for å leike butikk. Han kjenner Hallingdølens historie og posisjon lokalt og i medielandskapet elles. Dessutan har han lokalkunnskap. For litt har han då lært av å feriere nokre vintrar på ein campingplass i Gol og eitt år som elev ved Nesbyen videregående skole midt på 1990-talet. Og så har han haika med ein trailer frå Flå til Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men no er det Ål, Hallingdal og Hallingdølen.
– Hallingdølen er ei spennande moglegheit og ei stor utfordring. Eg har følgd avisa lenge, sidan 2000, då eg oppdaga magasina som vart gjevne ut. Kvaliteten imponerte meg, det var langt over det me fekk til i Ringerikes Blad. Det var heller ikkje mange aviser som hadde magasin då.
I haust fekk TV- og digitalredaktøren i Haugesunds Avis tilbodet om å bli Hallingdølens nye direktør. Han og kona Kristina hadde gått i tenkjeboksen som det heiter etter at det vart klart at Hallingdølen kunne vere interessert i ein overgang. For det var bra i Haugesund også, både sosialt og på jobb. Etter kvart vart dei samde:
– Dersom Hallingdølen blir ein realitet, går me for det.
I oktober tok han over etter direktør’n gjennom 26 år, Kjell Vidar Bergo. For å lette overgangen, arbeidde Bergo vidare ein månads tid. Det var då, berre eit par dagar etter at Andersen tok til i jobben, han ein dag spurde Bergo om det var greitt at han reiste til Haugesund ein dag eller to for å ordne med flyttelasset.
«E veit då farian, e», svara Bergo. «Det e du som e sjefen no.»
I dag har han vore sjef i tre månader. Vel og merke for bedrifta Hallingdølen. For i redaksjonen styrer Tormodsgard’n ...
Offensiv. Kreativ. Grundig. Ein lagbyggar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nyedirektøren har så langt ifrå lagt seg bakpå dei tre månadene han har vore her. Christian S. Andersen har kome vel til rette på kontoret i andre etasje. Avisa må heile vegen vere framoverlent, meiner han og vil bygge vidare på det som er gjort. Men han har også lagt fram nye og spennande idear. Mykje er enno på teiknebrettet og for tidleg å presentere. Andersen har ambisjonar utan at han nødvendigvis skal revolusjonere lokalavisa. Men nokre område ser han må utviklast.
– Avisa må bli betre rusta digitalt. Hallingdølen har vore tidleg ute på mykje, men det kan gjerast grep her. Det skjer eit digitalt skifte og lesarvanane endrar seg.
– Og papiravisa?
– Skal ikkje svekkast. Eg likar den måten å lese avisa på. Eg trur også Hallingdølen kjem til å ha papiravisa i lang tid.
Han har tru på papirformatet, sjølv i desse dagar når det blir dømt nord og ned.
– Ei redigert papiravis gir lesaren noko meir. Den har klare prioriteringar. Dette skil seg frå nettaviser der du kan bli skjerma for noko du ikkje burde bli skjerma for. Truverdig og relevant innhald er det sentrale. Mange aviser har gjort panikkarta grep som har gått ut over det redaksjonelle. Me må halde fram med å formidle truverdige nyheiter. Me skal ha steintru på at det me gjer er rett og viktig.
For Hallingdølen peikar han på den viktige samfunnsrolla lokalavisa har i distriktet.
– Me har eit stort ansvar der. Mange aviser tenkjer ikkje slik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trass sine 35 unge år har Christian S. Andersen solid medieerfaring.
Fyrste smaken fekk han då han var 10 år. Heime i bustadfeltet i Haugsbygd på Ringerike lanserte han rubrikktenesta «Bruktarket». For 10 kroner kunne naboane annonsere sal av ting og tang.
– Det vara vel fire-fem utgåver, trur eg. Det var ikkje stort lenger.
Då var det heller noko meir varig over det som skjedde tre år seinare. For han hadde ein draum. Ein draum om eige radioprogram. Til 13-årsdagen ønskte han seg til og med eige radioprogram, eit ønskje som naturleg nok var umogleg å oppfylle for foreldra. Kva gjorde han då?
– Eg var 13 år og gjekk til Radio Fossen i Hønefoss og spurde om eg kunne lage eit radioprogram.
Og kva sa dei i Radio Fossen? Jo, etter ein rask innføring i teknikken – vær så god.
– Eg vart berre kasta ut i det. Ei gong i veka leia eg eit program med helsingar- og ønskeplater. Dette var i radioens glansperiode. Det ringde utan stans.
Deretter vart det TV Ringerike som reporter og programleiar. Eit kort intermesso vart det også i Radio Hallingdal eitt år etter ein knallhard audition utført av radiosjef Knut Medhus’ «deputy» på satellittkontoret i Nesbyen den gongen og i dag TV2-mann, Birger Henriksen. Så vart frilansverksemd i Ringerikes Blad etter kvart til vikariat og fast stilling, etter kvart vart han også nettansvarleg og digitalredaktør. I 2010 vart han produktsjef for nettavisene i A-pressen. Og i 2012 gjekk han til Haugesunds Avis.
Artikkelen held fram under annonsen.
Christian S. Andersen kjem til Hallingdal og ei avis som har fått mykje heider og vunne prisar det siste tiåret.
Hallingdølen har også vore meir skjerma for annonsesvikt og opplagsnedgang enn andre aviser i landet. Enn så lenge. For det er som tidlegare sjefredaktør i VG, Bernt Olufsen, skreiv i ein kommentar i VG for ikkje lenge sidan: Realitetane slår snart inn inst i Hallingdal også.
– Eg hamna midt i det i Haugesund. Då følte eg veldig på marknaden, og på den krisa som norske aviser opplever. Eg ser no at fleire av dei same mekanismane slår inn her. Men heldigvis er avisa i ein unik posisjon. Me kjem til å merke utfordringane, men på grunn av forsvarleg drift og eigarar som vil det beste for avisa, er me godt rusta.
Utanfor avishuset, når Christian S. Andersen ikkje arbeider har han også funne seg vel til rette.
– Eg trivst godt med at det ikkje er så stort og anonymt. Folk kjenner kvarandre. Eg likar vinteren, naturen gir unike moglegheiter. Det blir artig å kome i gang med skia.
Musikken, som han var innstilt på å gjere til levebrød då han var yngre, har han også så smått kome i gang med. Han er nemleg den nye trommeslagaren i Hallingdølens husband, Kjell Vidars. Det er med andre ord nokre likskapar mellom den forrige og den nye direktøren.
– Bergo sat i 26 år. Får ein ny direktør prestasjonsangst av slikt?
– Eg har ikkje sett meg nokre mål for kor lenge eg skal jobbe her. Men eg føler på forventningane når dei før meg har gjort ein god jobb. Det er klart det er vanskeleg å hoppe etter Kjell Vidar Bergo og det han var med på å bygge opp. Men prestasjonsangst? Nei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Christian S. Andersen