Funnen omkomen ved Skogshorn
Store styrker leitte etter ein mann i Hemsedal laurdag. Same ettermiddag vart ein person funnen død.
Fredag vart ein mann meldt sakna i Hemsedal. Politiet sette i gang med å etterforske og laurdag vart det sett i gang ein leiteaksjon.
Rett over klokka 16 vart ein mann funnen omkomen i botnen av ein bergskrent i Skogshorn-området. Det er for tidleg å slå fast at det er den sakna som er funnen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje operasjonsleiar Stig Væråmoen i Sør-Øst politidistrikt er det ikkje mistanke om at den omkomne er utsett for ei kriminell handling.
Det var eit Sea King redningshelikopter som fann den omkomne i terrenget. I tillegg deltok luftambulansen, eit fly frå Klanten på Golsfjellet, eit par ekvipasjar frå Norske Redningshundar og 20–25 personar frå Røde Kors hjelpekorps. Dei fann fyrst bilen til den sakna og seinare altså ein omkomen person.
Den sakna personen er ein utanlandsk statsborgar som budde og arbeidde i Hallingdal. Det var arbeidsgjevaren som melde han sakna fredag på dagen.