1, det heldt til plassering i stemnet i helga.
1, det heldt til plassering i stemnet i helga.

Gode lokale rideresultat

Tre ryttarar frå Hallingen hestesportsklubb vart premiert i eit vintercupstemne i helga.

I Buskerud Rytterkrets sitt andre vinitercupstevne i Hønefoss deltok 9 ekvipasjar frå Hallingdal, alle frå Hallingen Hestesportsklubb. Dei gjennomførte 13 dressurprogram i dette store stevnet med totalt ca 150 startande.

Premiering i stevnet denne helga vart det til Stine Lunde Steinbråten m/Larola på ein 5. plass i klasse LA: 1 Hest og til Beate Bjella m/ Brown Magic Wind og Helene Øynebråten m/ Trøstruplund’s Lincon som begge fekk 5. plass i klasse LC: 3 Hest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei andre hallingryttarane; Ingebjørg Ådnegard, Astrid Søndreli, Frida Nokoline B. Haugland, Kaja Iselin Bergaplass og Siri Vestenfor gjennomførte og solide dressurprogram denne helga sjølv om det ikkje held til premiering i den harde konkurransen denne gongen.