6,5 millionar til Gol stavkyrkje
Tidleg i august skreiv Hallingdølen at rundt 7 millionar frå Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram har blitt brukt til å setje i stand Uvdal, Torpo og Nore stavkyrkjer.
I tillegg har i underkant av 6,5 millionar kroner blitt brukt til å setje i stand den originale Gol stavkyrkje.
Stavkyrkja, som vart bygd rundt år 1200, vart flytta til Kong Oscars samlingar på Bygdøy i 1880-åra. Sidan 1907 har samlingane vore ein del av Norsk Folkemuseum. Millionane frå Stavkyrkjeprogrammet har vorte brukt til å gjere store utbetringsarbeid på stavkyrkjetaket.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var høgst nødvendig å skifte spon på taket, men kyrkja er i god stand utover det. Det vart ikkje avdekt store skader, seier Sjur Mehlum, ansvarleg for Riksantikvarens stavkyrkjeprogram.