Ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp) meiner Rv7 over Hardangervidda er eit betre alternativ å byggje enn Rv52 over Hemsedalsfjellet. Det same meiner dei fleste politikarar i Bergen.
Ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp) meiner Rv7 over Hardangervidda er eit betre alternativ å byggje enn Rv52 over Hemsedalsfjellet. Det same meiner dei fleste politikarar i Bergen.

Søviknes vil ha Riksveg 7

FrP-politikar og ordførar i Os kommune, Terje Søviknes, er heilt klar.

– Det må bli Rv7 som skal byggjast ut.

Akkurat det fatta Hordaland Frp fatta vedtak om på eit møte for 14 dagar sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tverrpolitisk semje

– Dei fleste politiske parti i Bergen er samde om at Rv7 over Hardangervidda blir ein av to fjellovergangar som må prioriterast. Den andre er E134 over Haukeli, seier Søviknes.

Han stiller spørsmål ved å bruke mykje pengar på Rv52 over Hemsedalsfjellet når ein i realiteten brukar mykje pengar på E16 gjennom Valdres.

– Me vil få meir att av pengane ved å satse på Rv7 om ein ser på næringsliv og arbeidsplassar om vegen går over Hardangervidda. Tunnel under Hardangervidda og opprusting av E16 mellom Bergen og Voss er det beste alternativet.

Jarle Stanes, Hallingdølen)
Jarle Stanes, Hallingdølen)

Lobbyverksemd

Neste veke skal samferdselsminister, Ketil Solvik-Olsen, og hans statssekretærar, Bård Hoksrud og John-Ragnar Aarseth, køyre fleire av fjellovergangane.

– Korleis vil Frp i Hordaland overtyde regjeringa?

– Me vil jobba tett opp mot våre representantar og få dei til ein annan konklusjon enn det vegstellet. Også dei faglege råda frå direktoratet vil bli vurderte. Elles vil det nok bli litt lobbyverksemd.

Måndag kveld skal Søviknes delta på eit stort folkemøte i Bergen om saka.

– Jørn Rattsø, leiar for produktivitetskommisjonen, gjekk tidlegare denne veka ut og sa at Hardangerbrua var ei dårleg investering, er du einig?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Isolert sett har trafikkgrunnlaget på Hardangerbrua vore veldig lite. Men skulle det bli ein aust-vest korridor over Hardangervidda, vil brua kome til sin rett.

– Så du er einig med Rattsø?

– Det er vanskeleg å ikkje vera einig med han når trafikken over brua har vore så låg.