Dette er ein ekte tankesport
Årets brigde-NM er lagt til Storefjell 20–22. september der 54 par er venta.
Hallingdølen blei med på ein spelekveld i Nesbyen.
{{imageLeft}}
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokalt
– Dette er første gongen det er NM i bridge i Hallingdal, seier Nils Halvard Bråten, leiar i Nesbyen Bridgeklubb.
– Det er stor stas at det blir lokalt i år, seier John Sandviken, leiar i Gol Bridgeklubb. NM blir arrangert av NBF (Norsk Bridgeforbund) Buskerud i samarbeid med lokale klubbar som bidreg med frivillig arbeid. I tillegg til NM blir det også nybegynnarkurs i Bridge. Dei to klubbane, i Gol og Nesbyen har til saman 50 medlemmar.
Flaks eller taktikk?
– Kor mykje har taktikken å seie i spelet?
– Det er mest taktikk, og lite flaks. Bridge er meir som ein tankesport, seier Bråten
– Om ein har dårlege kort, så kan ein spele dei bra og likevel kome langt, seier Sandviken.
Stifta under krigen
Mange bridgeklubbar rundt om blei stifta under krigen. Også i Hallingdal.
– Det var for å danne ein klubb. Ein måtte søke for å vere med, slik at ein var sikker på at det ikkje var nazistar i klubben, fortel Bråten.
Eldstemann
Johan Rusten (95) har vore med sidan Gol Bridgeklubb starta opp i 1943, under krigen. Gol har spelekveldar kvar tysdag, medan Nesbyen har spelekveldar kvar torsdag. Johan er ofte med på begge spelekveldane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er moro og eg kjem meg ut om kvelden, seier 95-åringen.
Siktar høgt
Sigurd Evjen frå Gol spelar på laget til Vikersund Bridgeklubb. Han har teke både NM-gull og sølv i lagbridge saman med lagkameratane på Vikersund BK, i tillegg til andre medaljar. Han spelar med makker Vidar Smith, og duoen har spelt saman sidan 2001. For å vere med i NM må ein vere kvalifisert, noko som er målet til Evjen.
{{imageLeft}}
– Ein må kvalifisere seg i sin krets og min krets er Buskerud. Eg håpar sjølvsagt på å bli kvalifisert, seier Evjen. Kva for par som stiller i NM, blir klart i april.
Ein måtte søke for å vere med, slik at ein var sikker på at det ikkje var nazistar i klubben.
Nils Halvard Bråten, Nesbyen Bridgeklubb