Vil ha alle jenter på banen
Sist sundag var det guteforbod på kunstgrasbanen på Ål. Då arrangerte fotballgruppa open dag for jenter.
Fotball: Buskerud Fotballkrets har plukka ut 14 ambassadørklubbar i samband med prosjektet «Alle jenter på banen», og Ål IL er den einaste i Hallingdal.
Klubbane skal gjennom ulike arrangement jobbe for at fleire jenter skal bli meir aktive i fotballen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre jenter
Sundag var over 60 jenter i alderen 6- til 13 år frå Ål i aktivitet på Bråta.
Fotballgruppa hadde rigga til med leik og ulike øvingar med ball på den nye kunstgrasbanen og fleire eldre spelarar var hyra inn som trenarar.
Jentene fekk mellom anna bryne seg på slalåmløyper med ball og trene på pasning, skot og spel.
Årleg arrangement
Prosjektet er treårig og planen er at det skal vere liknande arrangement kvart år i heile prosjektperioden.
Målet er at fleire jenter skal bli med på lag og spele i serien.
Samstundes håpar ein òg at dei lenger i idretten enn det som er tilfellet for mange i dag.