Fiberfart i fjellet
Kongevegen var viktig. Det same var Rv52. Men det var først med Bertil Blomskøld det vart fiberfart på Bjørberg.
I gamle dagar, slik om lag for fire år sidan, var det knapt mogleg å ta inn radio på Bjøberg i Hemsedal. Telefonsambandet var tidvis nede. Det tok ti minutt å laste ned «startsida» på PC-en. Det var før den pensjonerte dataingeniøren Bertil Blomskøld starta å klø seg i hovudet.
No snakkar han som ein foss om bits og byte som no susar over oss via radiobølgjer med endå større tempo. For dei som forstår seg på slikt skal det vere snakk om data på 100 megabits kvart sekund. Trådlause nett har vel snart alle heime, stadig fleire også på hytta. Men kva gjer du når Telenor, Netcom eller Ice ikkje har noko å tilby deg? Blir du forbanna, sur eller lei? Gir du deg?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, du lagar det sjølv, seier Bertil. Han har kopla seg nærast direkte på høgspentmastene til Hallingdal Kraftnett. Dei snor seg gjennom Mørkedalen og vidare inn i fjellheimen. No nyt heile Bjøberg-grenda godt av tiltaket.
Digital radio
Me sit ved bordet til Runar O. Sletten Bjøberg. Han er av dei få fastbuande. Den digitale radioen tek no inn alle verdas radiokanalar. Før hadde han NRK P1 analogt, på gode dagar. Men på Bjøberg er det mykje skralt vêr. No midtvinters må Rv52, som tvingar seg forbi og inn i fjellet, ikkje så reint sjeldan både stengjast og brøytast. Slikt er ikkje alltid lett å organisere mellom dei bratte fjella. Runar køyrer brøytebil. Tidlegare måtte kommunikasjonen gå via ein skarve ISDN-boks og eit heller ustabilt mobilnett. Ved høg aktivitet vart nettet svært dårleg.
Utnyttar fiberen
Bertil har jobba i databransjen heile livet. Han visste det gjekk fiber i mastene. No har han betre nettsamband på hytta enn heime i Lørenskog.
– Tilbakemeldingane frå hytteeigarane er klare. Før protesterte ungane mot å reise ut i øydemarka. No er dei sosiale på Facebook som aldri før. Og så er systemet så stabilt. Me har aldri hatt driftsstans, seier Bertil. Han viser fram overveldande statistikk for dette. I tillegg har han eit av Norges beste webkamera på hytteveggen. Det blir oppdatert kvart andre sekund. Når me kikkar innom, er det til og med godt vêr!
Alt dette er sjølvsagt ikkje gratis. Ein del dugnadsarbeid er det også blitt. For Bertil er det ei blanding av ein slags «yrkesskade» og hobby. Han har ikkje ambisjonar om å gjere seg rik på ideen heller, men han har moro av å formidle at det er mogleg.
Ved Bjøberg er no 20 eigedomar knytt til systemet. Då er økonomien i det også til å leve med. Via link kan ein potensielt utvide i alle retningar. 25 hytter ved Storeskar vart i haust kopla til på denne måten.
– Me har betre breiband på Bjøberg no enn dei fleste større byar i både inn- og utland, seier Runar stolt. På Bjøberg kan byfolk no arbeide med raskare datafart enn heime. Og då tvingar sjølvsagt spørsmålet seg fram. Kva skal dei i byen å gjere då?