Mann til sjukehus etter traktorvelt
Ein mann er frakta til Oslo Universitetssykehus i luftambulanse etter ei traktorulykke på Gulsvik i Flå.
Politiet melde like etter kl. 13 i dag om ei traktorulykke på Gulsvik. Meldinga gjekk ut på at ein mann låg under traktoren.
Like før kl. 14 kunne politiet opplyse om at mannen var blitt frigjort frå traktoren. Mannen er frakta til Oslo Universitetssjukehus. Vedkommande har vore medviten heile tida. Skadeomfanget er enno ikkje kjent.