Skål for Flå!
Stemninga er høg i Flå. – Det vart jubla, seier ordførar Tor Egil Buøen.Arne O. Lindahl
Jubelen gjeld avgjerda i styret i AS Vinmonopolet torsdag.
Der vart det vedteke å etablere eit polutsal i Flå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då med sende søknaden, som var den sjuande i rekkja, tenkte eg at viss me ikkje får polutsal denne gongen, får me det aldri, seier Buøen.
Eit langt steg
Det var mange som jubla. Ikkje berre i kommunehuset. Men også i Olav Thongruppen. Kommunen og Thon har saman kjempa for eit polutsal.
– Flå styrkar sin posisjon no. Dette er eit langt steg for Flå som handelsstad, seier Erik Sand, Olav Thons forlenga arm i Flå.
Det er utviklinga i bygda som gjer at Vinmonopolet etablerer seg i Flå. Eit resultat av at Olav Thon har spytta inn nærmare ein halv milliard. Innbyggjarmessig er Flå den minste kommunen i landet som får pol, ifølgje pressesjef Jan Nordahl. Flå har inntil no vore den einaste bygda i Hallingdal utan polutsal.
Den minste
– Flå har eit breitt og variert handelstilbod. Flå kan bli det beste handlealternativet mellom Oslo og Bergen. Dette er eit tilbod til dei forbipasserande, til hyttefolket og dei besøkjande i bjørneparken, seier Nordahl.
Det er ein kategori 1-butikk Vinmonopolet opnar i Flå i løpet av neste år. Det er den minste butikken til Vinmonopolet, den er på ca. 50 kvadratmeter med 200 produkt. Opningstidene er reduserte i slike utsal. I høgsesongen blir dei utvida.
– Dette må me finne ut undervegs, seier Nordahl.
Viktig for Flå
Ordførar Buøen seier at eit polutsal blir eit stort pluss for Flå som stoppestad, slik etableringa av Mc Donalds også var.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For Vinmonopolet etablerer ikkje ein butikk for flåværingar. Men dei ser eit potensial i eit stort reiselivsmarknad.
Han tok ein alkoholfri sjampis på styrten og skjenka rundhanda utanfor kommunehuset fredag føremiddag av Hallingdølens medbrakte – kjøpt i Nesbyen.
– No treng me ikkje køyre til Nesbyen for å kjøpe ei flaske raudvin, og polutsalet vil også bidra til at omsetninga i annan handel vil auke, seier Buøen.
Hevar statusen
– Betyr eit polutsal endå meir?
– Det hevar statusen til bygda, og det blir endå meir attraktivt å bu i Flå.
– Hadde du trua denne gongen?
– Eigentleg ikkje. Derfor kom nyheita som ei gledeleg overrasking, seier Tor Egil Buøen.
Det hevar statusen til bygda, og det blir endå meir attraktivt å bu i Flå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tor Egil Buøen