Opprykk for Bøkko
Håvard Bøkko (27) sesongdebuterte med tre solide løp og er klar for A-gruppa i neste World Cup.
Skøyter: Veteranen frå Hovet er tilbake i verdseliten. Sesongdebuten og comebacket i Heerenveen var lovande.
– Gjorde jobben
– Eg gjorde det eg kom for i Heerenveen. Ingen kjempeløp, men godt nok til å kvalifisere seg til VM enkeltdistansar og koma tilbake i A-gruppa. Det gjekk faktisk betre enn eg hadde venta. Eg kjenner ingenting i kneet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik opppsummerer Håvard Bøkko verdscupløpa og sesongens fyrste møte med verdseliten.
Håvard starta WC-helga fredag med å gå lagtempo saman med Sverre Lunde Pedersen og Fredrik van der Horst. Sistnemnde sleit med å henge med lagkameratane mot slutten, men dei greidde tredjeplassen, knappe sekundet bak Korea og halvsekundet bak Nederland.
– Moro å koma på pallen saman med Sverre og Fredrik, seier Håvard.
Klar for A-gruppa
På 5000 meter og 1500 meter gjekk Bøkko i B-gruppa. Der var målet å bli blant dei tre beste og rykkje opp til A-gruppa i neste World Cup-runde på Hamar i slutten av januar.
Det greidde han. Samstundes viste løpa at han har eit stykke att til toppformen, som skal koma under meisterskapa i februar og mars.
På 5000 meter gjekk Bøkko eit jamt løp på 6.26,52 og vart nummer to bak den svenske junioren og overraskelsmannen Nils van der Pol. Tida til Bøkko ville ha gitt 10.-plass i A-gruppa.
– Det gjekk greitt heilt til dei tre siste rundane, seier han.
– Held akkurat
På 1500 meter sundag var det uhyre jamt i toppen. Håvard enda på tredjeplass med 1,48,15, to tidelar bak amerikanaren Joey Mantia og nokre hundredelar bak russaren Yuskov.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var litt for treg opp til 700 meter, fekk eit feilskjær etter 850 meter og mista rytme og fart. Heldigvis held det akkurat til opprykk, seier Bøkko.
Tida hans ville ha gitt 14.-plass i A-gruppa, vel to sekund bak polakken Szymanski som vann A-gruppa.
Sjølv om det er eit stykke fram til pallen, viste Bøkko at han er restituert etter kneproblema som han no ser ut til å vera kvitt.
Fyrstkomande helg stiller han som tittelforsvarar (sju strake) i all round-NM i Arendal.
– Det blir tøft å vinne, men eg skal gi Sverre kamp, seier Håvard.