Hemsedal kan vere klart til sommaren
Vinmonopolet har fleire lokale å velje blant i Hemsedal.
– Me har fått ein del gode tilbod, og vil sjå på 4–5 moglege lokale, seier Jens Nordahl. Han er pressesjef i AS Vinmonopolet og fortel at det vil kome ein delegasjon på synfaring til Hemsedal i løpet av februar. Dei vil då vurdere kva for aktør som kan tilby best plassering i nærleiken av annan handel. Planløysingar, parkeringsmogelegheiter, varelevering og leigepris spelar også inn. Om alt går på skinner, kan det vere duka for opning til sommaren. Dette blir polutsal nummer fem i Hallingdal. Berre Flå vil då vere utan.
– Går ikkje eit nytt pol på kostnad av dei som alt eksisterer?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Jau, me opplever nedgang hjå dei andre når nye dukkar opp i nabolaget, og me må gjere interne tilpassingar. Det blir jo redusert arbeidsbehov enkelte stader. Ein del blir gjerne med over til nye utsal, seier Nordahl. Det ligg likevel grundige analysar av handel til grunn når Vinmonopolet bestemmer seg for å opne nye utsal.
Det har vore kalkulert med nedgang på utsalet på Gol ved alle dei andre nyetableringane. Då Geilo fekk polutsal i 2002, fekk avdelinga på Gol ein nedgang på 16 prosent. Det gjekk fire år å hente det inn att. Nesbyen fekk pol i 2009. Same år gjekk Gol tilbake 8 prosent. I fjor fekk også Ål eige pol, og nedgangen på Gol vart på nye 6,7 prosent.
– Det er færre tilsette på Gol i dag, men totalt har det gitt fleire arbeidsplassar i Hallingdal. For kvar nyetablering reknar me i alle fall ei levetid på ti år. Målet er at nye avdelingar skal dekkje eigne utgifter. Utfordringa i Hemsedal blir sesongvariasjonane, seier Nordahl.