Fengjer stadig fleire
Det er sjette året at Ole Embrikgård arrangerer Stølsrock på Jonstølane i Hemsedal. Laurdagskvelden hadde han også vêrgudane med seg.
– Det ser ut til å koma mykje folk i dag. Eg var oppe her ein tur på fredagen, og då var det framleis litt kaldt, men i kveld ser det veldig bra ut, seier han fornøgd.
Han står for eitt av dei få alkoholfri arrangementa innan festivalsjangeren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Allereie før konserten startar, er stølsvollen full av folk som kosar seg i kveldssola med kaffi og kvikaku.
Betre konsertoppleving
– Eg synest både det er moro å arrangere dette og å la det vera alkoholfritt. Det var det einaste rette for meg, sidan eg har vore ein del av det kristelege miljøet i Hemsedal i alle år. Eg må jo berre fortsette i den gode ånda, smiler han. Han meiner det blir ei betre konsertoppleving på denne måten.
Dessutan blir det mindre krav til vakthald, og som regel endar han opp med eit eksemplarisk publikum.
– Og så kan jo alle som vil, store som små, koma inn, fortset han.
Gir mykje til musikklivet
– Det er veldig stas at det er ein festival i stølsområdet vårt, meiner Kjellaug Solbakken. Ho fortel at heime i Hemsedal er Solbakken og Embrikgård naboar, mens her på stølen er det litt meir avstand.
– Han har initiativ og gir så utruleg mykje av seg sjølv til musikklivet. Det han får til her på Stølsrock, er det ei herleg blanding av lokale og nye artistar, fortset ho.
Borgar Storebråten må seie seg eining i det.
– Ole har gitt mange musikarar moglegheita til å utøve sin musikk. Stølsrock har berre vakse og vakse. Og det er utruleg gøy å vera her att, fortel Storebråten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slår Vinjerock
Storebråten syns det er flott å vera tilbake der han begynte. Då han stod på scena her fyrste gongen, hadde han knapt stått på ei scene før. No er han tilbake som artist med plate på gong.
– Vinjerock står ganske så høgt i kurs hjå meg, men dette her slår absolutt Vinjerock, meiner han.
Her er det plass til alle, og det handlar om musikk.
– Det er så gjennomført proft, og det ligg mykje arbeid bak. I tillegg treng me musikarar ei scene som dette, slik at me har ein stad å vise oss fram. Eg kjem veldig gjerne att, anten som musikar eller publikum, for dette her rocker, seier han.
– Me viste me skulle til Hemsedal og til fjells, og så kjem me hit, ropte Knut Anders Sørum når han kjem opp på scena. Her kjem me frå både Toten og Hadeland, og der er det som de veit, veldig fint. Men eg må si at dette her er absolutt i nærleiken, sa han før han drog i gang.