Administrerande banksjef i Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Knut Oscar Fleten, kjenner seg trygg på at Ålingen kjøpesenter blir fullført. (Arkivfoto)
Administrerande banksjef i Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Knut Oscar Fleten, kjenner seg trygg på at Ålingen kjøpesenter blir fullført. (Arkivfoto)

Banken forsikrar urolege kundar

Sparebank 1 Hallingdal Valdres tek ingen risiko med si rolle i Ålingen kjøpesenter. Heller ikkje andre skal tape pengar.

Det har vist seg vanskelegare enn planlagd å byggje om Ålingen kjøpesenter. Administrerande direktør i Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Knut Oscar Fleten, har jamleg møte med eigedomsutviklarane for å sjå til at prosjektet blir ferdigstilt.

– Me ser at det har tatt lengre tid enn ønska, og har forståing for engasjementet frå omgivelsane rundt. Det er bra, og noko som kan bidra i positiv retning, seier Fleten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forstår uroa

Omgivelsane er alt frå butikkdrivarar og kjøpmenn i og rundt kjøpesenteret, politikarar og kommuneleiing, til involverte entreprenørar og vanlege folk i gata. Bankkundar har kontakta både banken og Hallingdølen med uro for kva som skjer, men ikkje minst det som ikkje skjer. Engasjementet har til no ikkje flytta fjell.

Sparebank 1 Hallingdal Valdres var i si tid ein av dei som selde kjøpesenteret til Bysenter Holding. I dag har banken både lokale kjøpmenn, dei nye eigarane og entreprenørar på si kundeliste.

– Enkelte bankkundar er uroa for manglande framdrift?

Knut Oscar Fleten.
Knut Oscar Fleten.

– Det er ugrunna. Banken har ingen tapsrisiko knytt til dette. Eigarane har stilt opp med mykje eigenkapital eller lån frå eigne eigarbedrifter. Det betyr at dei har stor interesse for å bli ferdige så fort som mogeleg. Me er veldig komfortabel med vår rolle. Me er i tillegg oppteken av at involverte bedrifter og butikkar ikkje skal lide tap, seier han og viser til at mykje av forfalle gjeld skal vere betalt.

– Ikkje lett å byggje kjøpesenter

Men Hallingdølen er kjent med at enkelte entreprenørar berre har fått mindre summar. Det har med andre ord ikkje vore nok til å få fart på arbeidet igjen. Senterutviklar Magne Modalsli har overfor Hallingdølen tidlegare forklara manglande oppgjer med usemje om arbeidet som er utført.

Etter kva Hallingdølen forstår er formalitetar kring sal av eigedom andre stader i landet også ei årsak til forseinkingar.

Med unntak av nokre glasfasadar inne har lite skjedd på Ålingen sidan før sommaren. Opninga av ein serveringsstad, som skulle opne i sommar, er forseinka. Modalsli forsikrar at møblane er komne, og at dei jobbar med saka.

Adm.dir. Fleten meiner ein må hugse at det er ein krevjande jobb å fylle eit kjøpesenter med butikkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må ha respekt for det. Banken støttar skissa eigarane har for ombygging. Det vil bety eit løft, seier han.

* Ni lokale eigarar selde i februar 2015 Ålingen kjøpesenter til Bysenter Holding AS.

* I april same år la den nye eigaren fram planar om totalrehabilitering til 10–12 millionar.

* Omsetnaden skulle bli firedobla, frå 50–60 millionar til 200–240.

* Undervegs har ombygginga blitt krevjande både for eigar, entreprenørar, butikkdrivarar og kundar.

* Bysenter Holding eig 16 underselskap, inkludert Ål Kjøpesenter AS og Nesbyen Handel AS.

* Selskapet er eigd 38 prosent av Ams Invest AS (Magne Modalsli), 38 prosent av BK Fortuna AS (Ivar Davidsen) og 24 prosent av Bera Invest (Terje Midtskogen).

* Magne Modalsli er hovudeigar i Ams Invest AS og er engasjert gjennom Forretningspartner Drammen AS, eit anna selskap eigd av Bysenter Holding.

Kjelde: purehelp.no