Turistsvensken
Ein ting var han sikker på: Aldri meir Nesbyen. Fleire år seinare kom han tilbake – som turistsjef.
– Svenskehjelpa?
– Nei, nei. Når folk spør meg om Nesbyen, seier eg at der er lyset lysare, lufta reinare og mørkret mørkare enn nokon annan stad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Jaså ...?
- Og så seier eg til folk: Ta lavet frå buskeleggen i handa og lukt. Kan det lukta så reint nokon annan stad?
– Og kva seier folk, då?
– Dei seier at det stemmer.
Bengt-Olle Persson ser ut til å meine det også. At det ikkje berre er turistsjefprat, for slike er betalt for å prate fint om bygdene dei skal selje til nordmenn og utlendingar. Etter eitt år er han framleis full av pågangsmot og entusiasme. Han har så mykje å selje, seier han. Rein luft, fantastisk natur ...
- ... men det finst i heile Hallingdal?
– Jo, men berre sjå på engasjementet her. Det har ikkje alle. Og så dei fantastiske skiopplevingane, då. Unike opplevingar med stillheit. Det er det unike folk i større grad er ute etter. Eg seier det slik at Nesbyen er den einaste komplette destinasjonen i Hallingdal. Eg meiner det, for når eg bestemte meg for å søke jobben her er det også fordi det her er moglegheit å byggje opp ei året-rundt-verksemd.
– Men Nes som turiststad blir liten når bygda skal marknadsførast aleine?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, og derfor må me samarbeide, som med Flå og Gol.
– Men er det ikkje Hallingdal som må frontast?
– Hallingdal er eit ikkje-omgrep ute i marknaden. Når eg spør svenskar om Hallingdal, trur dei at det er ein stad i Gudbrandsdalen. Hemsedal kjenner dei godt på grunn av vinterproduktet deira. Hemsedal har masse ressursar og er synlege. Me er fattige kusiner på landet, du har høyrt det uttrykket? Men samstundes har me sett at sjølv den fattigaste kan lykkast. No har me for eksempel faste utstillingar i Sverige og Danmark med overraskande bra resultat.
– Ein svensk optimist?
– Det er lenge sidan eg slutta å vere det. Eg er realist. Når eg tek i noko, må eg alltid ha minst 60 prosent sjanse for å lykkast.
Turistsjef og dagleg leiar i Nesbyen Turist- og næringsservice. Etter eitt år i Nesbyen angrar han ikkje eitt sekund, sjølv om han måtte permittere seg ein periode før jul for å få retta opp underskotet som NTN har drege med seg heilt tilbake frå 2009. Han som forlet eit sikkert tilvere i Sverige.
– Når du ser målsnøret, skal du berre konsentrere deg om det. For meg handlar dette om prestisje, dette skal eg få til. Eller let det kanskje litt «kaksig» ...?
- Kva handlar det om?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Å få ein underdog opp på pallen.
Persson legg beina i kryss. Smiler lurt under den tynne sveisen. Ein triveleg Medel Svensson med lang fartstid i reiselivet. Heile 35 år for å vere nøyaktig, i Sverige, Danmark, Tyskland og Norge. Han har vore sjef for vinterproduktet til den danske reiselivsoperatøren Team Travel, der var jobben å få sendt danskane til Norge. Han har jobba tett med Skeikampen, Hafjell og Kvitfjell, og han har vore engasjert med å utvikle reiselivsdestinasjonar. Då han bestemte seg for å søke jobben i Nesbyen, arbeidde han med å utvikle turistnæringa i Vålådalen i Nord-Sverige.
Han som forbanna seg på at han aldri skulle setje sine bein i Nesbyen att. Han ler når han fortel om opplevinga som 14-åring, den gongen mor og far og systrene hans drog på ferie til Nesbyen – til Smedsgården. Dei kom med toget til Oslo og sykla til Nes.
– Det var ikkje spesielt triveleg, humrar han.
Foreldra hadde kjende her. Faren hans hadde eit spesielt forhold til Norge, han arbeidde for den norske motstandsbevegelsen under krigen. Han er dekorert for sin innsats.
– Far ville aldri prate om krigen. Men engasjementet til foreldra mine for å hjelpe folk som hadde det vanskeleg, gjorde at det budde folk heime hjå oss som hadde rømt frå ufred, både under oppstanden i Ungarn i 1956 og etter krisa i Tsjekkoslovakia i 1968, seier han.
Det en noko skånsk i stemma hans, ikkje noko rart for heimstaden hans er i Sør-Sverige. Men den lange vegen til Norge hindra han ikkje å ta mange turar hit etter kvart. Gløymt var den fæle opplevinga som 14-åring, Då han fekk seg kjærast, som seinare vart kona hans, hadde ho også vore på ferie i Nesbyen. På soveputa hennar stod det «Nesbyen», ler han. Dei var 18 år då dei drog tilbake hit på ferie – til Smedsgården med dei supre kjøtkakene. Han set nasen i vêret og seier at lukta av dei sit på hjernen hans framleis.
Fiske, fjellturar, orientere og gå på ski. Turane har vorte så mange at han bestemte seg for å kjøpe seg hytte. Uvdal eller Nesbyen. Men i Uvdal fekk han ikkje kjøpe tomta som han hadde blinka seg ut, for kronprinsparet skulle bygge i nærleiken. Men det ordna seg fort då ein ven tipsa han om at turistsjefjobben i Nesbyen var ledig. Han snudde seg bråfort og søkte. Og her er han i eldoradoet sitt. Dessverre har det berre vorte ein fjelltur sidan han kom. Tida er for knapp!
Artikkelen held fram under annonsen.
– Korleis ser Hallingdal ut frå Sverige?
– Det er annleis å arbeide her. I Danmark og Tyskland får du eit oppdrag. Og løys det! Her er alle engasjert og har synspunkt. Når folk sluttar å engasjere seg, er det grunn til å bli uroleg.
Ein liten pause.
– Sjå på engasjementet. Folk stiller opp. Det er alltid tungt å gå opp på fjellet. Men når du er kome dit, er det verdt slitet. Det er lettare å gå ned. Forstår du?
– Kva er ditt prosjekt?
– Eg håpar å få sett ein ide ut i livet.
Han plukkar fram eit Donald-blad og legg på bordet. Sjå her, seier han og blar opp. Eit innstikk kjem til syne. Ei side med Nesbyen og aktivitetane her for barn og familien.
– Hm ...
Artikkelen held fram under annonsen.
- Barna er i fokus her. Me skal også vere ein aktivitetsdestinasjon. Freeriding ned lia, Hallingmarken, Kjerringtorget osv. Treff og utstillingar. Men dette må «pakkast» og gjerast kjent. Til det treng me pengar. Me har ikkje nok av dei no. Men det kjem.
– Jøss, så positiv?
– Kveitebrødsdagane er over ein gong, då forventar ein resultat. Tenk, ein svenske som kjem hit med mange idear. Eg hadde faktisk venta meg fleire problem, ler han.
– Kva saknar du?
– Ein person som kan koordinere alle aktivitetane her i Nes. Det er det einaste eg saknar.
Persson er ein søta bror av det trivelege slaget. Han er erklært sportsidiot for lengst. Men så har han bakgrunnen i orden også, han spelte eliteserie-handball i Sverige i Helsingborg, og ishockey. To av sønene hans spelte ishockey på elitenivå, den eine på storklubben Brynàs. Sjølv «diggar» han ski. Han har vore på fleire av dei store skibegivenheitene i Norge enn dei fleste av oss. Under VM i Oslo var han og familien sjølvsagt på plass. Med to flagg.
– Når Petter Northug vinn, tek eg fram det norske flagget, og vinn Hellner plukkar eg fram det svenske, smiler han.
Han har også gardert seg på hovudet. Lua har to flagg, det norske og det svenske.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I Sverige pratar ein om det norske skiunderet. Eg seier til dei: Det finst ikkje. I Norge er ski ein livsstil. I Sverige går det kanskje eitt hundre løparar i eit renn, her er det 400. Nei, der er me veslebror.
– Den store helten?
– Sixten Jernberg, eit skikkeleg råskinn. Og så Pål Gunnar Mikkelsplass, då. Han er eit ikon i Sverige. Det er rart å jobbe i bygda hans. Eg har ikkje møtt han enno. Men eg håpar. Heime i Sverige har svigermora mi på 83 år framleis bilete av Mikkelsplass på kjøleskapet. Det har hange i femten år, eit bilete ho klipte ut av ei kveldsavis. Det bytter ho ikkje ut, seier ho, med verken Northug eller Hellner.
– Kvifor?
– Eg gløymer aldri bilete av Pål Gunnar. Då det gjekk dårleg for nordmennene og han vart intervjua på svensk TV, var han alltid veldig sympatisk. Ein helt. Når svigermor kjem hit ein gong, håpar eg at me kan få ordna det slik at ho kan treffe han.
Han støttar handa på den eine handa.
– Eg har alle tennene «kvar», ler han. Ishockeyen tok ikkje knekken på dei.
– Kva er du god til?
– Eg trur eg er god til å bygge bru mellom folk. Få dei til å samarbeide.
– Ein «lugn» svenske?
– Dei seier det. Det skal noko til å få meg stressa. Eg blir berre irritert når folk lyg.
Fem kjappe
Sist lesne bok?
– Bygdeboka for Nes.
Favorittprogram på TV?
– Sport. Først og fremst ski.
I CD-spelaren
– Regnskog-musikk, og blant anna Bruce Springsteen.
Favorittmat?
– Kjøtkakene på Smedsgården og elgkjøt med potet og saus og mykje tytebær.
Perle i Hallingdal?
– Fekjan i Nesfjellet.