Ørterstølen Fjellstue er annonsert til sals for knappe fem millionar kroner. (Arkivfoto)
Ørterstølen Fjellstue er annonsert til sals for knappe fem millionar kroner. (Arkivfoto)

Ørterstølen Fjellstue til sals

Ørterstølen Fjellstue på Golsfjellet skal seljast. Prisantydninga er 4.950.000 kroner.

For fire-fem år sidan vart den tradisjonsrike turistbedrifta på Golsfjellet overtatt av selskapet Ørterstølen Fjellstue AS.

No er det klart for nytt eigarskifte.

Artikkelen held fram under annonsen.

1200 kvm – tre etasjar

Det er firmaet iHUS Eiendomsmegling som er engasjert til å selja Ørterstølen Fjellstue.

– Det er to eigarar som står bak selskapet. Dei ynskjer å selja av helsemessige årsaker, opplyser eigedomsmeklar Siamak Ebrahimi.

Ørterstølen Fjellstue har eit bruksareal på nesten 1200 kvadratmeter fordelt på tre etasjar med ei tomt på 2,6 mål. Hovudetasjen består av ei stor fjellstove med kjøkken, personalrom, resepsjon, restaurant, peisestove, fellesareal og årestue med peis.

I andre etasje er det festsal/konferansesal med plass til 90 personar. I kjellaretasjen er det vaskerom, dusj, sauna, lagringsplass og aktivitetsløype.

Overnatting i hytter

Hyttene som ligg i nærområdet og blir brukt til overnatting, er ikkje omfatta av salet. Hyttene er det andre som eig og leiger ut til Ørterstølen Fjellstue.

– Er det gjesterom i hovudbygningen?

– Det er ingen gjesterom og overnattingsplassar der, men mange ombyggingsmogelegheiter til seksjonering. Gjestene på Ørterstølen bur i hyttene som ligg omkring. Dei nye eigarane står fritt i å overta utleigeavtalene med dei som eig hyttene, seier eigedomsmeklar Ebrahimi.

Takst: 4.950.000 kroner

Prisantydninga (taksten) er på 4.950.000 kroner. Då følgjer alt inventar, bookingavtaler og overnattingsavtaler med på kjøpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I salsprospektet blir det opplyst at det vil vera enkelt å drifte Ørterstølen Fjellstue for nye eigarar dersom ein overtek alle avtaler. Då er det berre behov for ein dagleg leiar som også fungerer som resepsjonist.

Ørterstølen ligg sentralt plassert midt på Golsfjellet og har ei historie tilbake til 1868. Turistbedrifta har ein særeigen byggjestil med ein kombinasjon av stein, tømmer og trekunst.

Siste åra har Ørterstølen vorte mest brukt til å ta imot små og store grupper til bryllaup, jubileum, kurs, konferansar og festarrangement.

Det er visning på Ørterstølen 26. og 27. februar.