Crescendo i kulturkyrkja
Torsdag opnar kunstnaren Oddbjørg Reinton utstillinga Crescendo i Geilo kulturkyrkje.Utstillinga er ein del av ismusikkfestivalen på Geilo.
– Det er 45 bilete med stort og smått, seier Oddbjørg Reinton. Eit felles tema er kontrastar i fargar, i geografi og i nord-sør-problematikk.
Reinton brukar isbjørnen som symbol på nord og gorillaen som symbol på sør, og begge dyra møtest i denne utstillinga, Revne bitar av Hallingdølen er eit anna element som går att i bileta hennar. Deler av den vart til under eit opphald ved Leveld Kunstnartun sist haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Der kom eg midt oppi eit lemenår, og kunne ikkje la vere å nytte også dette elementet i utstillinga, seier ho.
– Kvifor tittelen Crescendo?
– Det spelar både på det musikalske og på det kunstnarlege, gjennom ein stadig sterkare fargebruk i mine bilete, seier Reinton som no målar på isblokker i Geilo sentrum.
– Med tanke på at dette skal smelte og renne ut i naturen, valde eg å måle med konditorfargar, Det er så miljøvennleg at folk nesten kan ete bileta, seier Oddbjørg Reinton som er frå Hol, men har budd i Frankrike i over tretti år. Utstillinga er open til 15. mars.