Åtte handlaga teppe til sjukestugu
Tysdag forrige veke fekk Hallingdal sjukestugu åtte ullteppe frå strikkeaksjonen. Til saman er no 35 varmande teppe gitt bort.
Cellegiftbehandling tek ofte mange timar. Sittande i ein stol på eit framand kontor. Ein er sjuk. Ein får den kalde cellegifta i kroppen. Det er lett å fryse. Då varmar eit lunt og kløfritt ullpledd godt. På fleire vis.
Fekk ein idé
Lappeteppa frå «Strikk for Livet Hallingdal» er strikka av mange forskjellige hender og med mange gode ønske, om betring og om å syne omtanke og å fortelja at det finst medmenneske der ute som bryr seg om og som gjer ein innsats for ukjente i ein vond situasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kristel Jalango fekk ideen om ein storstilt strikkedugnad medan ho fekk cellegiftbehandling på Radiumhospitalet. For henne var strikkinga terapi.
– Dei kalla meg berre lappedama, smiler Jalango. Dei første lappeteppa vart overlevert Radiumhospitalet 22. desember i fjor. Også Ringerike sjukehus har fått nye godt av aksjonen. Ungdomsrommet på Radiumhospitalet har også fått ein juicemaskin med oppskriftsbok.
– Me har gitt bort til saman 35 teppe til sjukehus og privatpersonar, fortel Kristel Jalango når me møter henne på veg inn til Hallingdal Sjukestugu. Ho har med ein heil haug med varmande teppe, pluss ei korg med luer og tøflar, strikka med kjærleik.
Bytter ut fleecen
Jalango har ikkje sjølv fått behandling ved Hallingdal Sjukestugu, men no er det kreftsjuke i lokalmiljøet som skal få varmande gåver frå strikkeaksjonen.
– Fire teppe er frå Husfliden i Gol. Dei har sponsa med garn og har sett saman lappane til teppe, fortel Jalango og legg til at dei har mange gode hjelparar der ute.
Inne på sjukestugu blir Jalango møtt av kreftsjukepleiarane Siv Klefstad og Ingrid Hovland Skrindo, samt dagleg leiar Ingeborg H. Rinnaas.
– Me hadde nettopp ein pasient her inne som fraus og meinte me skulle hatt ullteppe i staden for fleece, smiler Skrindo og tek imot dei flotte teppa. No blir det lunt og varmt for pasientane som kjem tysdagar og onsdagar.
– Mange sit i ro i opp til fem timar og får kald væske i blodet, fortel sjukepleiarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I desse ligg det mykje omsorg, smiler Klefstad og klappar på dei flotte pledda.
– Eg hadde pledda klare før sommarferien, men tenkte det passa betre å vente på hausten, smiler Jalango. Ho legg til at dersom det kjem pasientar som sjukepleiarane tykkjer bør få med seg eit pledd heim, er det også høve til det.
– Med desse pledda blir ein både fysisk og psykisk varm, smiler Rinnaas.
Sy-saman-kveld
Framleis har dugnadsdamene i strikkeaksjonen mange lappar. I oktober skal dei igjen samlast for å sy saman lappeteppe. Det er lappar klare til ein åtte-ti teppe.
– Me er ein 10–15 stykk som kjem saman. Då er det ingen mørke krefttankar, men me har det fint og skravlar, fortel Jalango.
Og legg til at det framleis er mogleg å levere inn lappar. Gå inn på facebooksida «Strikk for Livet Hallingdal» og følg med på kva som skjer.
– Og ein må ikkje vere redd for å ta kontakt med oss om ein veit om nokon som treng eit teppe, påpeiker Jalango.