Millionbeløp til næringsutvikling
Stigsykling, kreative næringar og samspel mellom by og bygd. Tre lokale tiltak får 5,2 millionar kroner frå potten til verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda.
Regjeringa har sett av 20 millionar kroner til næringsutvikling i fjellområda, og det er Oppland fylkeskommune som på vegner av Kommunaldepartementet har vurdert søknader og prosjekt. 10 prosjekt er plukka ut, og tre av desse høyrer til i Hallingdal.
– Med denne satsinga ønskjer me å styrke grunnlaget for næringsutvikling i fjellområda våre, seier kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre lokale tiltak
Her er dei tre tiltaka i Hallingdal som får støtte:
n Terrengsykling som verdiskaper for fjellregionen – Vist Geilo – 3,7 mill. kr
n Høge sprang – kreative næringer, Ål kommune/Innovangsjon – 1,65 mill. kr
n Second homes- samspill mellom by og land – Hallingdal Næringshage – 920.000 kr
Sykkel
Det er Visit Geilo som er eigar av terrengsykkel-prosjektet. Dette er eit samarbeidsprosjekt for alle seks reisemåla i Hallingdal, Destinasjon Trysil og Destinasjon Valdres. Målet er å auke attraktiviteten som heilårsdestinasjon gjennom utvikling av berekraftige terrengsykkeltilbod. Terrengsykkel skal utviklast som ulike produkt i dei utvalde områda, alt frå downhill til familiesykling på enkle stigar og stølsvegar.
«Høge sprang – kreative næringer» er eit samarbeid mellom Ål kommune og Vang i Valdres. Det er opna ein kreativ næringshage i Ål kulturhus, og no ser ein vidare i regionen for å styrke og utvikle denne typen næring (design, web, foto, musikk m.fl.) Prosjektet skal legge til rette for etableringar som bygger på fjellet som ressurs og samspel med næringar som mat, reiseliv og opplevingar. Prosjektet skal etablere arenaer, klynger og nettverk innan det kreative feltet.
Det siste prosjektet – «Second homes – samspill mellom by og land» – står Hallingdal Næringshage bak. Det handlar om forretningssamarbeid mellom Hallingdal og Asker/Drammen der hytteeigarar i Hallingdal med fast bustad ein annan stad er målgruppe. Det skal etablerast møtearenaer med næringslivet både i Hallingdal og Asker/Drammen. Samarbeid innan turisme og festivalar skal vurderast som eige område.
Dei sju andre
Dei andre tiltaka som har fått støtte, er:
Artikkelen held fram under annonsen.
n Fisketurisme potensial for verdiskaping, Fishspot SA, 2,65 mill. kr
n Modell for finansiering av utleiekapasitet, Vinje kommune, 750.000 kr
n Snøkompetansesenter på Beitostølen, Øystre Slidre idrettsarrangement, 1,5 mill. kr
n Lokale matopplevelser i fjellbutikken, Merkur-programmet, 600.000 kr
n Fjell-Norges verdiskapingssenter for hytteturisme, Valdres Natur- og Kulturpark, 2,35 mill. kr
n Tøffe opplevelser for hytte- og fritidsmarkedet, Lillehammer og Gudbrandsdal kunnskapspark, 2 mill. kr
n Næringsutviklingsprosjektet Lysefjorden Rundt, Lysefjorden Utvikling, 900.000 kr