Iskjennaren
Dynamiske unge menn veit ein aldri kvar ein kan treffe. Eller når.
Avtalen med Even Grue Rygg var opphavleg å møte han på Gol ein tysdag. Det enda med Kikut på Geilo ein torsdag.
Dette er absolutt ingen kritikk av 22-åringen, han var attpåtil høfleg lei seg for at det vart som det vart. Men det gir eit godt bilete av ein meir enn normalt aktiv ung mann, med mange jern i elden. Årsaka til at det vart forandring i programmet, var at det hadde kome snø om kvelden måndag. Då går natta med til brøyting i Gol, for hovudarbeidsgjevaren Golberg AS. Vanlegvis har han då fri til å sove dagen etter. Men Even er ikkje heilt «vanleg». Sambuar Siri meiner han minst må kunne karakteriserast som arbeidsnarkoman!
Artikkelen held fram under annonsen.
– Slike dagar hender det eg prøver å snike til meg nokre timar ekstra ved leirskulen i Skurdalen, smiler han. Det var det som skjedde då avtalen vår måtte flyttast. Og ved Fagerli leirskole var dei attpåtil i beit for hjelp grunna sjukdom. Leirskulen er ein av biarbeidsgjevarane hans. Der tek han elevane med på ulike skiaktivitetar. Dette er også forklaringa på at det seinare høvde å treffast på Kikut, etter at han akkurat hadde gjort unna ei økt med elevar i skibakken.
KIKUT ER ELLES eit stikkord for det som gjer Even Grue Rygg aktuell akkurat denne helga. Når den tradisjonsrike Ismusikkfestivalen blir arrangert der, er han ein av dei viktige medhjelparane i kulissane. Han er fast følgjesvein for musikar Terje Isungset året rundt, som «instrumentansvarleg» og transportør. For viss du trur ismusikk er noko sært og eineståande vinterfenomen for Geilo, tek du grundig feil.
– Her heime er ismusikk mest ein «moroting». Men i utlandet er det ganske annleis stort, seier han.
Det kan han fastslå etter å ha vore ute på 20–30 oppdrag med Terje Isungset det siste året. Dei har mellom anna turnert heile Tyskland og store delar av England, og har i tillegg gjesta både Russland og Nederland. Seinare i år ventar mellom anna Italia.
Viss du trur is er is i ein samanheng som dette, tek du også grundig feil. Langtfrå all is er «musikalsk». Den som blir framstilt kunstig, er til dømes heilt daud og utan klang. Å finne is som høver til å lage instrument av, krev ein feinschmecker, som Even. Han har etter kvart skaffa seg solid erfaring.
– Det har mellom anna synt seg at straumforholda i vatnet er avgjerande. Me har funne fram til ein spesiell stad på Vatsfjorden som har prima is, i tillegg til eit vatn innan Hol kommune, fortel han, utan å ville lokalisere det nærare.
Musikalsk is frå desse vatna blir teke opp og lagra i eit fryserom på ein låve på Geilo. Derifrå blir is og ferdige instrument frakta med ein frysehengar rundt i Europa, oftast med Even ved rattet. Turane kan by på visse problem, ikkje minst ved grensepassering.
– Det er ofte litt utfordrande å få tollarane til å skjøne kva me har med oss, og ikkje minst kvifor. Enkelte blir sure og gretne og trur me tullar med dei, medan andre berre ler, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
TIL MOSKVA REISTE dei med fly. Då hadde dei med seg to store koffertar med is. I tollen kom ikkje Even på det engelske ordet for det dei skulle vere med på, og kom i vanvare til å seie «demonstration». Det vekte russarane. Kom det utanlandske demonstrantar til byen?
– Det vart mykje fram og tilbake, med forklaring og gestikulering. Til slutt rista dei berre på hovudet og vinka oss gjennom, ler han.
Etter ein konsert i London like etter nyttår i fjor, fekk dei velvillig hjelp av den norske ambassaden der, som hadde ordna med innkjøp av tre store frysarar. Der fekk dei lagre instrumenta til dei skulle tilbake til ein konsertturné sist haust. No er ambassaden under ombygging, så frysarane med instrument står no i ein gammal vinkjellar i London.
– Det tok heilt av der borte, i England er ismusikk verkeleg stort. Eg har ikkje tal på alle intervju og TV-opptak som vart gjort med oss, fortel han.
Ved eitt høve fekk han ein isklump til overs etter at han hadde skore til instrumenta. Ein åtte-ni år gammal gut som hadde stått og fylgt ivrig med, vart heilt himmelfallen då han fekk isklumpen. Dagen etter var det stort oppslag i ei av avisene, med bilete av den heldige gutungen.
Utan ein velvillig og snill arbeidsgjevar, hadde det ikkje gått med så mange reisedøgn i året som det Even har.
– Eg har ein veldig all right sjef i Aslak Golberg. Sjølv om eg reiser mykje elles i året, fekk eg vite at eg skulle få sommarferie i år òg. Men berre viss eg lovde å ta ferie. I fjor kom eg visst til å bruke ferien mest til jobbing, vedgår han.
– Og så har eg ein snill sambuar, som let meg reise så mykje. Eg må vel snart prøve å halde meg meir i skinnet med jobbing, no når eg har ei heime. Det var litt annleis som ungkar og spelemann, meiner han.
Artikkelen held fram under annonsen.
I telefonkatalogen står Even Grue Rygg oppført saman med «Mehanken», som er eit hallingord for mygg. Han kan fortelje at det er namnet på firmaet han stifta for eit par år sidan.
– Men medhank???
– Det er ofte blodslit både med isen og mykje anna. Og myggen er jo stadig ute etter blod, den òg, så ...
I ENDÅ YNGRE år var Even ein lovande skiskyttar. Det var difor heilt naturleg at han begynte på skiskyttarlina ved toppidrettsgymnaset på Geilo. Men der fekk han problem med knea sine og måtte vinke farvel til ein aktiv karriere. I staden har han engasjert seg på trenarsida. To gonger i veka er han med og trenar skiskyttargruppa i idrettslaget.
Før han kasta seg ut i yrkeslivet, studerte han friluftsliv eitt år ved Høgskulen i Hedmark.
– Det var midt i blinken for ein som meg. Eg trur eg hadde fleire døgn i telt enn på hybelen. Det året gav også eit godt grunnlag for det arbeidet eg har ved Fagerli leirskole, seier han.
Apropos arbeid, så er det mange, inkludert sambuar Siri, som meiner Even er heilt «hekta». Det har hendt at både nyttårsfeiring og eige bursdagsselskap har måtta vike når arbeidet kallar. Det skjedde kanskje særleg medan han køyrde løypemaskin på Geilo, noko han gjorde inntil i fjor vinter.
– Eg var vel kjent for å gå rundt med ei flaske Pepsi Max i handa på fest, i staden for øl. For eg skulle jo ofte på jobb eit par timar seinare, smiler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men om jobbinga kan ha gått utover sosialt samvær, har ho bore frukt på andre måtar. Det er ikkje mange som sit med eige hus som 20-åring. Det gjorde Even!
Han er ikkje verken A-menneske eller B-menneske, men heller AB. Han likar å stå grytidleg opp om morgonen, og kjem seg ofte seint i seng om kvelden.
– Døgnet kunne gjerne vore tre-fire timar lengre, så ein kunne fått dosen sin med søvn, vedgår han.
Ved valet sist haust vart han også vald inn i Hol kommunestyre, som ein av åtte representantar for Høgre. Ein av dei andre sju er mora, Rigmor.
– Korleis får du tid til politikk oppi det heile?
– Nei, det kan du spørje om, ler han. Men ein må jo sitje stille når ein et middag, iallfall – og då kan ein lese saksdokument.
HAN ER FØREBUDD på at det kan by på utfordringar å vere i kommunestyret saman med mora, men så langt har det gått veldig greitt.
– Viss det kjem saker der me er ueinige, får me berre vere ueinige. Og det kan vere litt viktig å poengtere kven av oss som stod fyrst på lista, ler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til no er han ikkje skremt av møtet med politikken, erfaringane er positive.
– Sjølv om eg til å begynne med gjerne skulle hatt med meg ordbok, så eg hadde skjønt alle dei nye orda, humrar han.
At det er i Høgre han høyrer heime, har han alltid følt. Der er han også arveleg belasta. Farfar Kåre Rygg sat fleire periodar i kommunestyret. Even trur han er meir påverka av bestefaren enn av mora.
– Eg kjenner meg mykje att i han, vedgår han.
Even Grue Rygg er ein positiv kar. Han engasjerer seg lett, og han er nesten alltid blid og i godt humør.
– Eg prøver så godt eg kan å snu ein dårleg dag til noko bra. Eg kan nok «tenne», men eg er aldri langsint. Det fører aldri noko godt med seg. Eg synest det er artig å få andre til å smile. Og kunne sjå at dei har glede av nærværet mitt, på ein måte. Eg hugsar godt eit ord norsklæraren min på ungdomsskulen lærde oss: «Du kan ikkje gjere alle til lags, men du kan få alle til å føle seg vel i ditt nærvær!» Det synest eg er ein god leveregel, understrekar han.
Det er vanskeleg å seie han imot.
fem kjappe
Sist lesne bok?
- «Døde menn går på ski» av Knut Nærum.
favorittprogram på tv?
– Har ikkje mykje tid til TV, men ser då helst på ?Discovery.
i cd-spelaren?
– Helst iPod for min del, ?og eg høyrer gjerne på ?Helene Bøksle og Ingebjørg Bratland.
favorittmat?
– Det trur eg må bli farmors
kjøttkaker.
perle i hallingdal?
– Skiløypa frå Vedalen til ?Odnak, den er heilt magisk.