Gunnar B. Gulliksen.
Gunnar B. Gulliksen.

Gullsmed Gullik

På raske føter sprang advokatsonen med brev til gullsmedforretningane og verkstadene i Oslo sentrum.

Kvite hanskar som varleg handterer dei vakraste sølvobjekt. Høge kandelabrar, storslåtte sølvkrus, fat, tradisjonsbestikk og smykke fint trylla fram mellom kyndige og erfarne fingre. Flittige hender og hamrande taktar på verkstadene. Skåp fylt med dei vakraste gjenstandar. Mykje å sjå for ein unggut som er innom for å levere brev. Kanskje bestemte han seg nett der og då?

– Eg var nærmast født inn i det, seier Gunnar B. Gulliksen i gullsmedforretninga Hallingdal Gull & Sølv as i Gol sentrum. Gullsmeden, som er mest kjend som «Gullik», var son av sekretæren i Norges Gull og sølvvareleverandørenes forening. Etter skulen sprang Gullik ned til advokatkontoret på Egertorget. Her fekk han eit knippe med brev som skulle leverast ut til Oslos finare gullsmedforretningar og verkstader. På den tida var dei mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sprang frå Egertorget til Nedre Slottsgate på «no time» – og fekk portoen. Det heldt til både sykkel og klokke, smiler Gullik og minnest ei tid då gullsmedfaget var høgt akta og verkstadene fylt av kompetente fagfolk.

– Eg var ikkje så skuleflink og sa tidleg at eg ikkje skulle bli advokat. Eg skulle bli gullsmed, smiler Gullik og syner inn på kontoret og verkstaden bak gullsmedforretninga der kona Unni serverer smørbrød, kaffi og te – med sølvskeier sjølvsagt. Den velkledde mannen, som utruleg nok nærmar seg 80 år, har hatt både verkstad og forretning i Gol i snart femti år.

– Eg blir så lenge nokon har bruk for meg. Det er fordelen med å drive for seg sjølv. Hadde eg vore tilsett, hadde eg vel fått sparken for lenge sidan, smiler mannen som har vore i gullsmedfaget i heile seksti år.

Gunnar B. Gulliksen.
Gunnar B. Gulliksen.

Det var blant gullsmedane Gullik kjende seg heime. Han starta i lære hjå Tostrup. Vart sølvarbeidar midt på Karl Johan.

– Det var 125 tilsette då eg starta. På sølvverkstaden var det 15–20 mann som slo opp sølvkorpus. I dag er alt slutt, sukkar Gullik. Fagkompetansen finst knapt i Norge lenger. Han som voks opp blant gull- og sølvsmedar med store verkstader kjenner seg nesten litt aleine på feltet no. Det er snart ikkje stader att å sende gjenstandane han sjølv ikkje kan reparere. Ein snakkar ikkje lenger om verkstadene som produserer. Ein snakkar berre om designen – som kanskje blir teikna her, men produkta er laga i utlandet.

– Det er snart ikkje ein siselør att. Fagmiljøa blir borte. Mine konkurrentar i dag er ikkje gullsmedane, men moteforretningar. Det er vorte ei bransjeutgliding. Det er vel like før eg må hive meg på mote eg også, seier han og syner fram forskjellen på handgravyre og maskinell gravyre. To fine sølvskeier med inngravert skrift. Maskinen har meir «ripa» inn skrifta på den eine. Gullik har skore ut skrifta på den andre. Det er ein synleg, stor forskjell.

Gullik ville starte for seg sjølv, bli gullarbeidar og spesialisere seg i sølvarbeid. Men det kravde fire år for å bli svenn og lage sveinestykke. Så var det tre år til i lære.

– Det gadd eg ikkje, så eg reiste til Tyskland for å ta faga der, fortel han. Skulen i Tyskland kosta pengar, så Gullik tok seg ekstrajobb som scenearbeidar ved Det Norske Teatret. Han var både statist, korist og til og med dansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur eg kunne heile forestillinga til Kristin Lavransdatter utanåt frå der eg stod i kulissane, smiler gullsmeden.

I Schwäbisch Gmünd låg den kjende fagskule for gull- og søIvsmedkunst. Her vart det samla eit par hundre lærevillige elevar frå heile verda.

– Beste tida i livet mitt, smiler Gullik. Oslo-guten var ikkje var så god i tysk i starten. Men nordmannen vart snart varm i trøya. Då han først hadde snakka seg varm til sidemannen i ein klasse, tenkte han lite over at scheisse slett ikkje er skøyter.

– Eg fortalde at alle ungane i Norge spring på scheisse-schuh. Alle spring på drittsko, med andre ord, ler Gullik. Alle dei andre studentane lo godt. Og når ein har dumma seg ut ein gong, er det jo ikkje så farleg lenger heller.

– Frå då av var eg ikkje redd for å snakke tysk meir, smiler han som fekk lære seg gullsmedkunstane i eit års tid før han var blakk. Då bar det av garde til Norge att for å tene pengar att. Men sjefen hans ved for Det Norske Teatret hadde bytta jobb. Slik hadde det seg at Gullik hamna på operaen.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle like opera. Men då eg høyrde Aase Nordmo Løvberg sine ariar skjønte eg det plutseleg, seier Gullik alvorleg. Her vart den unge mannen introdusert, ikkje berre for ariar, men for alt frå Bolshoi Balletten til filharmonien frå Hamburg.

– Eg heldt på å hoppe av heile gullsmedfaget, innrømmer han. Så spennande var det å vere ein del av livet i Operaen. Scenearbeidaren fekk attpåtil applaus for open scene då han flaug etter ein hest som dreit over heile sena.

– Hesten hadde stått i operakorets heissjakt og skulle vere med i fyrste akt av cavalleria rusticana. Den opnar med eit gravfølge. Då eg såg hesten løfta på halen, heiv eg på meg hatt og frakk, fekk med meg spade og kost og fekk teke opp etter den. Det vart applaus for å ha sopa opp hesteskiten, ler Gullik. Det var ei spennande tid. Operaen låg i folketeaterpassasjen. Gullik var sjølvsagt med då NRK hadde offisiell opning 20. august 1960, og hallodama annonserte at dei skulle setje over Operaen der Odd Grythe stod klar til å leie det direktesende underhaldningsshowet «Startskuddet går».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg ville ikkje skuffe dei gamle, seier Gullik. Den unge mannen heldt fram med gullsmedutdanninga og reiste som volunteer i gullsmedfaget til Zürich i Sveits. Til ein juvelmeister i Bakhow Strasse.

– Der lærte eg noko veldig viktig. Eg lærte å vere nøyaktig. Eit handarbeid skal vere 100 prosent perfekt. Ein alliansering eg lagde måtte eg innrømme at kanskje var ei aning skeiv. Den hamna rett i «slurvebøtta», fortel Gullik streng.

Attende hjå gullsmedforretninga Tostrup i Norge kunne han no gjere det meste. Gullik fekk både designe og produsere. Her vart smykka hans utstilt. Arbeida hans vart og plukka ut til norsk smykkeutstilling i utlandet. Gullik syner fram flotte bilete av designen sin.

– Men eg tente ikkje så mykje og ville framleis starte for meg sjølv, så eg vart seljar i faget eit par år, fortel han. Så vart gullsmeden styrar hjå ei gullsmedforretning på Hamar. Der kom han i kontakt med ein kokk som hadde ein bror på Gol.

– Og eg hadde folkevogn, smiler Gullik. Til Gol bar det på besøk. Og dermed spann tanken vidare. Kanskje det var nett her på Gol han skulle starte forretning.

– Foreldra mine tok meg med til Østbanestasjonen for å sjå på dei som hadde vore på påskefjellet og kom heim med Bergensbanen. Dette var underhaldning. Hallingdal, det kling så i øyra på Oslo-folk. Heile dalføret skulle marknadsført seg som Hallingdal. Me skulle slått oss saman for lenge sidan, slår Gullik fast. Som liten hadde Gullik i lag med foreldre og sysken vore på Skårsrudstølen i Nes fleire gonger. Og då Gullik gjekk på realskulen, reiste dei fire gutar på 16 år for å feriere på ein hytte i Hol. Grunnlaget for å bli ein halling vart lagt.

Han starta opp i med å leige i 1. etasjen i Turhus-bygget i Gol.

– Eg måtte ta dottera Anna på kjøpet, og ho har eg vorte sittande med i alle år. Men eg stolar meir på henne enn meg sjølv, ler han. Dei har jobba i lag frå den gong det var kø av turistar om somrane. Her var brukskunst og alt frå elgskinn til kid og vevnader. Utanfor var det geiter, og så Ola-stugu då.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den er hytta mi i dag, smiler han. Det første han starta opp med då han opna gullsmed i Gol, var reparasjonar.

– Eg har hatt inne alt frå veterinærsprøyter til horninstrument. Eg var juvelarbeidar, stort lenger kunne ein jo ikkje kome. Men det var heilt bortkasta her i Hallingdal, smiler han. Gullik har gleda fleire generasjonar med gåver frå dåp, via konfirmasjon til bryllaup og fest i ein mannsalder og litt til. Også søljeproduksjon vart det med tida. Gullik lagar både sølvknappar og beltespenner. Med nydeleg gravering. Han er glad han kom til Gol. Glad i nærleiken til naturen, skigåing, jakt og fiske.

– Eg har ikkje sakna Oslo ein dag, smiler han som faktisk var skiinstruktør då han flytta til Gol. Han hadde jo gått på skule nede i Alpane, og Alpane reiser han framleis til ei veke i året. Men stein samlar han ikkje så aktivt lenger, utdanna gemolog som han også er.

– Turen vart jo meir spennande når ein såg etter mineral. Eg hadde med ungane på tur, ustyrt med kvar sin hammar og meisel, smiler gullsmeden som ei tid også underviste i gemologi for gullsmedfaget.

No er det hytta på Skaråsen som tek det meste av fritida. Her bur han nesten heile sommarhalvåret. Når han ikkje er på jobb då. Gullik smiler berre med tanken.

– Der har eg orrhanen som vekkarklokke.

Gunnar B. Gulliksen - «Gullik»