Sluttar i NRK Buskerud
Mah-Rukh Ali sin periode som distriktsredaktør i NRK Buskerud vart kort.
Fredag vart det kjent at den tidlegare TV2-profilen sluttar etter berre nokre månader i stillinga.
Mah-Rukh Ali er mest kjent som nyheitsanker i TV2. Ho var blant dei som tok sluttpakke i TV2, og vart så tilsett som redaktør i NRK Buskerud. Den jobben starta ho i haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg sluttar som nyheitsredaktør. Veit det er kort, men slik er det nokre gonger, seier Mah-Rukh Ali til NTB.
Ho opplyser at ho kjem til å halde fram med å skrive utanriks, og at det er mogeleg ho kjem med ei ny bok.
Tor Røed er konstituert fram til ny redaktør er på plass.