Kjetil Andre Bjerkrheim (22) frå Nesbyen sikra seg til slutt sigeren i Trondrudmarka triatlon, for andre året på rad.
Kjetil Andre Bjerkrheim (22) frå Nesbyen sikra seg til slutt sigeren i Trondrudmarka triatlon, for andre året på rad.

Vann for andre gong

Kjetil Andre Bjerkrheim (22) var førstemann i mål i triatlon i Nes i helga, og var raskare enn i fjor.

Då deltakarane kom seg opp av vatnet og opp på sykkelsetet var det berre for publikum å kome seg ned til veksling- og målområdet på Bjørnerud gard.

Artig konsept

– Dette var moro, sjølv om vatnet var skikkeleg kaldt. Eg kjenner eg er glad løypa er korta ned sidan i fjor. Det er eit artig konsept. Då me startar puljevis, veit me ikkje korleis det går før alle er i mål. I tillegg er dette god trening til vinteren då eg til vanleg driv med langrenn, seier Bjerkrheim medan han ventar på dei andre inne i målområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor gjekk han nemleg av med sigeren for beste totaltid.

Interne konkurransar

Bjerkreim er ein av fleire som alt hadde vore og lukta på løypa på førehand. Minstekravet er å slå far sin Tore Bjerkrheim, då det har vore litt konkurranse dei imellom dei siste åra. I tillegg skal Bjerkrheim vera nøgd om han klarar å halde Vetle Flaget frå Hemsedal bak seg, då dei begge er med på Team Hallingdal i langrenn.

Topp tre

Kjetil Andre Bjerkrheim frå Nesbyen, kunne etter kvart sleppe jubelen laus. Han fekk beste totaltid på 50:20 minutt. Like bak kom Erik Marki Bjorli, frå Modum med Halgrim Ove Tørrisplass frå Nesbyen på tredjeplass.

I dameklassen gjekk Mari Torsteinsrud frå Ål inn til beste totaltid på 1:02:08, Charlotte Aarrestad frå Bergen vart nummer to og på tredjeplass Jannicke Ulrichsen frå Hemsedal.