Røyra kjem heile til Geilo, mens Tormod Rype splittar dei opp på langs.
Røyra kjem heile til Geilo, mens Tormod Rype splittar dei opp på langs.

Lang historie – nye idear

Utanfor allfarveg på Geilo ligg ein ukjent fabrikk. Men produkta herifrå finn du over heile Europa.

Espedalen as. Du har neppe høyrt om denne bedrifta. Men med historie heilt attende til 1959 har familiebedrifta Espedalen as produsert bardunanvisarar og brøytestikker for ein stor marknad. No er det Tormod Rype som driv føretaket som bestefaren starta, og for fem år sidan flytta han heile fabrikken frå Vestfold til Geilo. På det nedlagde småbruket Aarset, heilt i elvekanten nedanfor Årsetsletta, er den gamle låven fylt med plastrøyr.

Om du ikkje kjenner til bedrifta har du heilt sikkert sett produkta fleire gonger. Tenk på det neste gong du køyrer forbi ein telefonstolpe eller ei straummast. Plastrøyret utanpå bardunen (vaieren) som støttar stolpen er kanskje laga på Geilo. Av og til er markørane svarte eller kvite, men her i landet gjerne med svarte og gule felt for å vera ekstra godt synlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdsnyheit

Tormod Rype og Espedalen as er inne i ei spennande tid. Rype har framleis jobben i staten, og reiser til hovudstaden for å jobbe i Kriminalomsorgen tre dagar i veka. Men så fort han er ferdig der ventar ei lang helg med plastrøyr på Geilo. Rådgjevar i Hol kommune, Espen Bille-Larsen, er ikkje i tvil. Dette kan det gå an å leva av, men Rype må tore å ta det store steget. Hol kommune og Hallingdal Etablerersenter er på banen for å hjelpe Rype til å ta nettopp dette sjumilssteget. Snart blir det møte med Innovasjon Norge.

På blokka har han ideen om sjølvlysande røyr med refleks i som Jernbaneverket er interessert i, og produksjonen er i gang i løpet av hausten.

Også den største kunden hans, AMO Kraftkabel, har trua. Dei distribuerer produkta frå låven på Geilo til alle grossistar i Norden, samt handlar med heile verda.

Nokre av plastrøyra hentar Tormod Rype og hans Nissan Micra sjølve hjå storebror i Kleivi. 9000 meter med røyr betyr mange tilhengjarlass.
Nokre av plastrøyra hentar Tormod Rype og hans Nissan Micra sjølve hjå storebror i Kleivi. 9000 meter med røyr betyr mange tilhengjarlass.
Dei siste to åra har Tormod Rype samarbeidd med Hallingplast i Kleivi om levering av nokre røyr. Her får han hjelp til å laste på hengjaren av produksjonssjef Ole Olsen i Hallingplast.
Dei siste to åra har Tormod Rype samarbeidd med Hallingplast i Kleivi om levering av nokre røyr. Her får han hjelp til å laste på hengjaren av produksjonssjef Ole Olsen i Hallingplast.
Ein gong småbruk, no bardunanvisarfabrikk.
Ein gong småbruk, no bardunanvisarfabrikk.
Målet til Tormod Rype er å kunne lage produksjonen av bardunanvisarar og brøytestikker til eit levebrød.
Målet til Tormod Rype er å kunne lage produksjonen av bardunanvisarar og brøytestikker til eit levebrød.
Over heile Europa kan du sjå bardunmarkørar laga på Geilo, også her i Meiebakkane.
Over heile Europa kan du sjå bardunmarkørar laga på Geilo, også her i Meiebakkane.
Her blir det laga eit hakk i enden som gjer markøren enkel å tre på vaieren, men veldig vanskeleg å få av.
Her blir det laga eit hakk i enden som gjer markøren enkel å tre på vaieren, men veldig vanskeleg å få av.
Låven på Aarset ved Geilo har blitt til ein bardunanvisarfabrikk.
Låven på Aarset ved Geilo har blitt til ein bardunanvisarfabrikk.

– At heile markøren, kan blir reflekterande er veldig smart. Den ideen har eg skikkeleg tru på, seier dagleg leiar og administrerande direktør, Einar Karlsen. I deira samanheng er ikkje geilobedrifta nokon stor leverandør men ho har eit nisjeprodukt. Å lage noko som myndigheitene har påbode er sjølvsagt ingen dårleg forretningsidé. Det unike med Espedalen as er, ifølgje Karlsen, at dei er den einaste norske produsenten. Ei tradisjonsbedrift som lagar den mest solide varianten av markørane, og med lang levetid. Det nye versjonen, som er reflekterande, er likevel det viktigaste.

Hentar varene sjølv

Også nabobedrifta Hallingplast har lagt merke til kollegaen like oppi bakken. Dei to siste åra har dei laga ein del av røyra om Espedalen as bearbeider og sel vidare. Tidleg ein fredag morgon blir me med Rype og hans Nissan Micra til den store plastrøryprodusenten i Kleivi. Denne gongen har han med tilhengjar, før har han lagt røyra inn i bilen. 3000 svarte plastrøyr på tre meter skal vera med heim til Aarset nokre få hundre meter i luftline unna. Måndag morgon skal 800 leverast vidare til Solar.

– Eg trudde ikkje det skulle vera så stor interesse for heilsvarte røyr, men så har det blitt ein kjempesuksess, fortel Rype. Så vidt han veit skal denne leveransen brukast til å sikre høgspentliner mot overslag. Flest røyr tek han framleis frå Primo, men når det skal vera einsfarga, lange røyr spør han Hallingplast. Og så er det noko eige med å reise å hente varene sjølv mot å vente på ein trailerlass frå Sverige.

Hallingplast tener ikkje mykje på nabokunden, men tykkjer det er viktig å stille opp for lokale bedrifter.

– Me har utstyret og råstoffet, og vil gjerne hjelpe lokale, små bedrifter, fortel produksjonssjef Ole Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser resultatet

Nyvinninga med refleksrøyr trur Rype også kan høve godt i skiløyper, og han har kontakt med arrangørane av Skarverennet. Brukar du hovudlykt blir det nærast som ei lysløype med den nye typen stikker. Og med sjølvlysande brøytestikker kan ein kanskje spare på annan vegbelysning.

Tormod Rype gler seg til å få det nye produktet ut på marknaden, på same måte som har blir oppriktig glad over å sjå anvisarane frå Geilo rundt om i verda. Då han køyrde heim frå Sør-Frankrike i sommar kunne han stadig konstatere at fleire markørar på stolpar langs vegen er laga på hans eigen fabrikk.

Rekorden hans er 22.000 tometersrøyr på eit år. No for tida er han glad om han kjem opp i 10.000. Espedalen as mista ein stor del av marknaden då danskane tok til å legge straumen i bakken.

Trass i at han verkar å vera optimistisk av natur, trur ikkje Rype at fabrikken hans er så interessant for andre slik han er i dag. Foreldra heldt på til dei ikkje orka meir, og sjølv droppar han løna for å bygge opp selskapet til noko som kan vera interessant for andre å overta etter kvart.

– Det handlar om å høyre på marknaden, lage det som blir etterspurt og utvikle seg vidare, seier Rype, som ønskjer å bygge opp bedrifta til noko ein kan leva av.