Kollektiv straff
Pelsdyrnæringa har igjen vore i søkjelys i media, med enkelttilfelle av dårleg og uakseptabel dyrehald, men også veldig skeiv framstilling av heile næringa, samt utspel frå enkelte politikarar om kollektiv avstraffelse.
Eg driv i dag ein middels stor pelsdyrgard med sølvrev. Eg har sjølv vore aktiv pelsdyroppdrettar i 28 år, men det har vore pelsdyrdrift i familien i meir enn 80 år. Domestiseringen av pelsdyra utviklar seg gjennom alle generasjonar, men dei siste 20 åra har lynne på dyra vorte meir vektlagt i avl, og har gjort til at pelsdyra i dag står fram rolege og harmoniske, og godt tilpassa dei oppstallingsforholda dei har krav på, som produksjons og husdyr. Svært få enkelttilfelle av dårleg dyrehald fører til nærast lynsjestemning mot heile næringa. Det er frustrerande å oppleva den måten pelsdyrnæringa vert framstilt på i delar av media, og av nokre politikarar, og korleis alle oss pelsdyrbønder vert mistenkeleggjort, og får eit stempel som dyremishandlarar. Skal verkeleg dette vera ein del av det gode norske samfunnet?
Artikkelen held fram under annonsen.
Fakta i media?
Antipelsaktivistar, som generelt er imot alt dyrehald, får veldig lett oppslag i delar av media med sine få døme på skadde pelsdyr. Det verkar som at desse ytterleggåande aktivistane, for visse delar av media og politiske miljø, nærast fungerer som tilsynsmyndigheit, i staden for Mattilsynet. Og samtidig er formidlar, av såkalla fakta ved hjelp av NRK. Dette fylgjer same mønster, som tidlegare år, som ein kampanje og heksejakt på heile pelsdyrnæringa. Nokre politikarar hengjer seg på bølgja, krev avvikling av heile pelsdyrnæringa, altså å skjera alle over ein kam.
Mattilsynet
Det er Mattilsynet, som er tilsynsmyndigheit, på oppdrag frå myndigheitene. Tilsyn på pelsdyr er betydeleg skjerpa inn dei siste 2 åra, trass i at avvik på pelsdyr er lågt nivå, og på same nivå som anna dyrehald. For kjæledyr er det faktisk betydeleg høgare andel med avvik! Eit døme på realitetane: I Sunnfjord/ Nordfjord vart fleire pelsdyrgardar uthengd som dyremishandlarar, av aksjonistar og NRK. No sist i oktober.
Seniorinspektør og veterinær Terje Ramstad i Mattilsynet for Sunnfjord uttalte i etterkant: «Oppdrettarane er svært oppegåande og flinke, og vi har generelt godt inntrykk av pelsdyrgardane». Kollegaen Anders Hilde i Nordfjord uttalar: «Vi finn avvik i pelsdyrgardar, som i anna dyrehald. Det underlege er at denne næringa, tydelegvis skal straffast kollektivt».
Obligatorisk sertifisering, og minst 3 obligatoriske veterinærtilsyn er innført frå 2011. Dei aller fleste av veterinærane som har tilsyn med pelsdyr, er godt nøgde med dyrevelferda. Alle dyr som er sjuke, eller får skade, skal takast hand om, og behandlast, men det er umogleg å ha nulltoleranse over det faktum, at dyr kan bli sjuke eller skadd.
Pelsdyr og etikk
Etikk vert også brukt som argument mot pelsdyr. Særleg av dei som ser at det ikkje er faglege argument for å avvikle pelsdyroppdrett. Frå tidenes morgon har menneske hausta frå naturen, og med det, mat og klede frå dyr. Men dyrevelferd og etikk må alltid koma i fyrste rekkje. Sjølv aktivistar hevdar at dyrevelferda kan vera dårlegare i andre husdyrproduksjonar. Dei som likevel meiner at pelsdyroppdrett bør avviklast, ut ifrå at produksjon går til klede, og ikkje mat, meiner dermed at kva ein nyttar av dyret, er viktigare enn dyrevelferden. Det er vel dårleg etikk! God dyrevelferd må vel vera det viktigaste, i riktig etisk husdyrhald, ikkje kva som vert produsert.
Dersom dyra i ein pelsdyrgard hadde vore ville rovdyr, ville pelsdyroppdrett vore uetisk. Men å halde ville dyr i pelsdyroppdrett er faktisk ulovleg. Pelsdyr i pelsdyrgardar i dag, er domestiserte og oppavla gjennom snart 100 år. Pelsdyra står fram i dag som rolege og tillitsfulle. Alle som besøkjer ein pelsdyrgard, med ope sinn, og ikkje har særlege vrangforestillingar innprenta på førehand, ser det. Dei kan ikkje seie noko anna heller, om dei er ærlege. Pelsdyrhald i dag, har god etisk standard.
Politikarar med makt
Det er skremmande at politikarar, i dagens moderne samfunn, i det heile tatt kan koma med uttalelsar og forslag, som dreiar seg om kollektiv avstraffelse. Dersom dette skulle fylgjast opp, ville det bli mykje forbod, her i landet. Det får ein til å tenkja på styresystem frå land som me ikkje likar å samanlikna oss med. Politiske beslutningar om kollektiv straff, vil føre demokratiet vårt, mange tiår tilbake i tid! Rettssikkerheit må vera sjølvsagt for alle i landet vårt. Leiande politikarar har eit særleg ansvar i å vise veg, og gjera vedtak ut frå kunnskap, fakta og korrekt informasjon.