Moderat skredfare

I Hallingdal har det snødd lett gjennom romjula, noko som har gitt gode skiforhold både i og utanfor dei preparerte løypene. Vesle juleftan og 2. juledag var skredfaren vurdert som stor (faregrad 3), men utan at det er rapportert om skred av større omfang.

Når det gjeld skredfaren for nyttårshelga bør frikøyrarar bør vere obs på at det finst svake snølag under, melder nettstaden varsom.no. Lite nysnø og vind gjer at skredfaren no er vurdert som moderat (faregrad 2).