Tretopphytte til topps
Maja Tvedt (27) er vinnaren av årets Startup Hallingdal, og vil slå seg inn i reiselivet med tretopphytter i Skurdalen.
– Skurdalen er ei urørt perle, og målet er å sette Skurdalen på kartet, seier Maja Tvedt (27). For sigeren får ho 50.000 kroner.
Unikt tilbod
Tretopphytter finst ikkje i Hol i dag, og Tvedt trur hyttene vil løfte reiselivskommunen. Hyttene skal byggast i material frå eigen skog, og det er mogleg å leige ut jakt og fiske i same terreng.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når skal bygginga starte?
– Eg håpar å starte bygginga til sommaren, og at det er ferdig til hausten, seier Tvedt. Det er far hennar som skal stå for bygginga og andre praktiske oppgåver. Maja Tvedt står for ide, planlegging og utføring.
Sauna rett ved elva
Ein må gå eit stykke til der tretopphytta skal vere.
– Myra er heldigvis frosen, så me blir ikkje våte på føtene, seier Tvedt medan ho viser veg.
– Vegen blir meir tilrettelagd, med blant anna klopper over myra. Så skal me rydde litt skog for å få betre utsikt, seier Tvedt. Ho står ved elva og forklarar korleis ho ser føre seg resultatet.
– Planen er å lage ei brygge her ved elva, og ha ein sauna, seier ho.
Gjest i dyreriket
Tretopphytta kjem til vere tett på naturen. Ein kan sovne og vakne til elvesusen.
– Og det er mykje dyreliv her. Mykje elg, rådyr og bever, blant anna, seier Tvedt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så me må «beversikre» hytta, spøker ho og ler.
– Planen er å ha svarte plaststolpar av resirkulert plast. Dette er mest praktisk for konstruksjonen sin del. Det er liten sjanse for at beverane gneg på hytta, men det er sjølvsagt best å vere på den sikre sida, seier ho.
Eksklusivt
Tretopphytter har blitt populært siste tida, og prisen for ein overnatting kan vere svimlande høg.
– Har du tenkt på pris?
– Eg har tenkt å legge meg på ein ganske rimeleg pris. Det er eit eksklusivt tilbod, så det kostar litt. Ein får komfort, samtidig som ein er tett på naturen. Planen er å tilpasse prisen utifrå kor mange gjester det er. Det vil vere 7–8 sengeplassar, så om for eksempel to personar vil overnatte, vil prisen tilpasse seg, seier Tvedt.
Ideen tek til
– Korleis fekk du ideen om å bygge ei tretopphytte i Skurdalen?
– Eg overnatta i telt i Sogndal ein gong, og hadde sjølvsagt ikkje følgd med på vêrmeldingane. Eg var i teltet medan uveret Cora trefte. Det var heilt forferdeleg. Eg skrolla på Instagram og ei venninne av meg la ut bilete av at ho var i ei tretopphytte. Ho var varm og god framfor peisen, medan eg låg i teltet i full storm, fortel Tvedt. Ho begynte sjå behovet for eit slikt tilbod i Hallingdal.
– Ideen forma seg meir og meir, med god hjelp, seier ho. Om eit år er ideen truleg realisert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fylkesfinale Startupp er eit samarbeid mellom Hallingdal Etablerersenter, kommunar og næringskonsulentane i Hallingdal, med mål om å fremje vekst innanfor kreativ næring i regionen.
I år er det arrangert startupp-konkurransar i Drammen, Ringerike, Kongsberg, Sigdal/Krødsherad/Modum og Røyken/Hurum. I kvar region blir det halde delfinalar og vinnarane møtest til ein fylkesfinale. Den blir arrangert i Drammen 13. november og kårar tidenes første startuppvinnar i fylket. Det kan bli Maja Tvedt.
– Det har ikkje heilt gått opp for meg at eg vant her i Hallingdal. No forbereder eg med til fylkesfinalen, så eg har ikkje fått landa enda. Alt går sikkert meir opp for meg etter fylkesfinalen, seier Tvedt.