Leve heile livet

Leve heile livet er ei kvalitetsreform for dei over 65 år.

Reforma er basert på tilbakemeldingar frå dialogmøte i heile landet der ein har sett på område det som oftast sviktar i eksisterande tilbod, og ein har kome med forslag til gode løysingar. I Ål kommune har me sett i gang eit prosjekt, som skal ta for seg denne reforma. Prosjektgruppa skal kartleggje ønskjer og behov, frå dei som er over 60 år, og for å få nok mangfald i resultata, treng me innspel frå deg!

Artikkelen held fram under annonsen.

Me ønskjer å få fram behova til framtidas eldre, ved å spørja «kva er viktig for deg». Kva ønskjer innbyggarane i Ål, innanfor aktivitet, fellesskap, mat, helsehjelp og samanheng i tenester, og kva skal til for å få eit aldersvenleg samfunn. Det er kanskje vanskeleg å sjå for deg din alderdom om du no er 60 år, men det er spesielt den «yngre aldrande» befolkninga me ønskjer å kome i dialog med.

Me inviterer til eit ope møte, torsdag 21. november på Kafè Tid. Me ønskjer alle innbyggarar over 60 velkomen, men du kan sjølvsagt og ta med deg ein ven som ikkje har fylt 60 heilt enno.