Trollmann på gitar, Øystein Greni i Bigbang.

TEST PRINT: Den tredje kvelden med stinn brakke: – Me har vore med alle dagane

Ein supernøgd jentegjeng opna laurdagskvelden med musikkbingo. Seinare vart det Bigbang-fest.

To av jentene var på SundreBall for fyste gong.

– Me har vore med alle dagane. Veldig, veldig gøy, fortel Andrea Beckhaug og Helene Feby under musikkbingoen laurdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er strålande nøgd med sitt første møte med SundreBall på Ål. Den store jentegjengen starta dagen med litt musikkhjernetrim i regi av søstrene Maisen og Anna Fosse, og med Stein-Ove Thon bak spakane.

Strålande nøgd

Siste kvelden er festivalsjef Bjarte Laa strålande nøgd, alt før artistane entrar scena.

– Me har hatt utseld alle dagane, fortel han. Minisundreball på dagtid var også veldig populært.

– Me hadde masse ungar her, smiler han medan musikkbingoen held på i bakgrunnen. Nær 100 menneske hadde benka seg opp for å teste musikkunnskapen sin.

Stinn brakke

Laurdag var tredje kvelden - med stinn brakke.

Konsertane opna med Thea & The Wild som serverte Lillebjørn Nilsen-svisker, men ikkje i viseversjonane me kjenner frå den avdøde opphavsmannen. Dette var poppa og rocka, og det sat som ei kule. Alle elskar Lillebjørn. Konserten på SundreBall viser at dei kjende og kjære låtane kan framførast også i annan språkdrakt. Det var allsong og god stemning.

Deretter følgde det lokale bandet Swedish Blonde, med Tuva Huseby som markant vokalist. Hard rock, og speleglede ute i teltet. Med i bandet er forutan Huseby, Andreas Tenold Bergo, Martin Haraldset og Lasse Husvåg Klausen.

Big Bang!

Så var det det dei fleste kom for. Bigbang har vore aktuell fleire gonger for SundreBall, men det har alltid kome noko i vegen. Sist covid. No var dei der, og det til fulle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rockebandet som starta i 1992 serverte eit kjåka fullt Sundrehall alle topphits, Wild Life, Welcome to The Mountain og sjølvsagt Girl in Oslo. Og så mykje meir.

Det var speleglede og trykk utan like, i eit tett lokale der alle fekk kjensla av å hoppe på fremste rad. Øystein Greni var i storform. Skataren og surfaren likar framleis stønt, og heiv seg ut i stagediving med gitaren og spelte som pokker, halde oppe av hendene til publikum.

Det vart ikkje mindre trykk då Lars Håvard Haugen dukka opp som gjestegitarist på to av låtane. Det kokte på Sundrehall då Øystein Greni, Olaf Olsen og Nikolai Hængsle endeleg vart ålingar!

Som avslutning på kvelden var det partystemning i teltet med Los Mexicanacas.

Test faktaboks

Tekst faktaboks

  • Punkt 1
  • Punkt 2
  • Punkt 3

Litt mer tekst i faktaboksen

Andrea Beckhaug (f.h), Helena Espegard, Emma Øen Li, Åse Håheim, Inger Helene Harham, Tuva Berntsen Ruud, Hanna Breiehagen Hovland, Hanne Øen og Helene Feby i full gong med musikkbingo under SundreBall
Festivalsjef Bjarte Laa er strålande nøgd.
Øystein Greni i Bigbang gav alt, også i form av stagediving. Han vart trygt teke imot av eit begeistra publikum.
Thea & The Wild tolka Lillebjørn Nilsen sine viser i tidlause og rocka versjonar.
Stjernemøte på SundreBall. Øystein Greni i samspel med gjesteartist Lars Håvard Haugen og Nikolai Hængsle. Bak Olaf Olsen på trommer.
Swedish Blonde var Sundreballs lokale alibi. Bandet har heimebane på Nesbyen, men i år kryssa dei to kommunegrenser for å skru opp stemninga på ballet, Tuva Huseby på vokal, Martin Haraldset på gitar, Andreas Tenold Bergo på bass og Lasse Husevåg Klausen på trommer.
Los Mexicanacas –streng, blås og stooooore sombreros er faste ingrediensar.
Vokalist Thea Glenton Raknes i Thea & The Wild
Solo frå saxofonisten i Thea & The Wild
Øystein Greni i storform på SundreBall, 33 år etter at bandet starta.
Partystemning med Los Mexicanacas, undergrunns-latino-fusion-band.
God stemning i Sundrehall på ein utseld konsert på SundreBall.
Vokalist Tuva Huseby i Swedish Blonde.