Delte reaksjonar på brot i regjeringa: – Me ser ei gradvis snikinnføring av stadig fleire direktiv
For lokalpolitikarane er det viktig å prate opp det raud-grøne samarbeidet i Hallingdal når moderpartia har valt å gå kvart til sitt.
Ordførar i Gol, Heidi Granli fortel at ho er i «Europa-modus» om dagen. For ikkje lenge sidan besøkte ho Brussel, og torsdag deltok ho i Europapolitisk forum i Oslo. Ho har følgd utviklinga på regjeringsnivå tett dei siste dagane:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har delte kjensler. Eg har sjølv merkt på kroppen kor mykje bra me har fått til i eit raud-grønt politisk samarbeid, i kraft av å vere ordførar i Gol. Eg skulle gjerne sett at det kunne halde fram nasjonalt, seier ho.
Usikre tider
Granli vil og nemne at det har vore lett å vere Ap-ordførar i møte med statsrådar frå Senterpartiet når ein skal prate distrikt. Ho meiner det er synd at det til slutt enda med brot mellom regjeringspartia. Samstundes har ho forståing for at det er snakk om vidt forskjellige politiske standpunkt i saka.
– Er du overraska?
– Overraska er kanskje ikkje det rette ordet. Men eg hadde kanskje tenkt at når me lever i desse tidene, så ville handlingsrommet for å finne kompromiss vore større, svarar ho og peikar på Trump sine varsla tollsatsar som eit døme på usikre moment for Norge og Europa i tida framover.
Når det er sagt har ho tru på at Arbeidarpartiet vil finne gode løysingar i månadene fram mot neste stortingsval.
– Ap kjem til å ta ansvar, fylle posisjonane og styre trygt vidare. Det er mange dyktige folk å velje mellom, seier ho.
– Gradvis snikinnføring
Ordførar i Hemsedal, Pål Rørby (Sp) såg ikkje andre utfall då det vart klart at Arbeidarpartiet stod på sitt, og held fast ved dei betente EU-direktiva.
– Dette er ei sak som betyr mykje for partiet, og slik sett er me godt fornøgde med at leiinga vår står støtt, seier han og understrekar at Trygve Slagsvold Vedum sitt standpunkt er godt forankra i grasrota.
Artikkelen held fram under annonsen.
Delar av debatten har dreidd seg om kor «inngripande» dei tre direktiva eigentleg er. Dei handlar først og fremst om ENØK-tiltak, ikkje utanlandskablar og straumpris i denne omgang. Rørby støttar likevel moderpartiet si harde linje:
– Det me ser er ei gradvis snikinnføring av stadig fleire direktiv og forordningar. Me meiner allereie at totalen har ein så stor negativ betydning i den dysfunksjonelle straummarknaden at me må setje foten ned, seier han.
Rosar lokalt samarbeid
Pål Rørby trur brotet med Ap i regjering kan gi Senterpartiet større fridom i sakar som er viktige for dei.
– Den fridomen kan ein seie at me nokre gonger har sakna ved å vere i regjering med Ap, som har eit annleis syn på korleis Norge skal knyte seg til Europa.
Rørby seier han har fått fleire meldingar frå lokale Sp-folk, og andre, om at det står respekt av avgjerda som vart tatt torsdag. I likskap med Heidi Granli vil han likevel trekkje fram det gode raud-grøne samarbeidet lokalt.
– Det er så mange lokallag i Senterpartiet og Arbeidarpartiet som samarbeider godt på kommune- og fylkesnivå. Det ønsker eg verkeleg å halde fram med.