Katrine Seim (t.v.) vart hanka inn av Petter Northug for å komplettere privatlaget hans i SkiClassics. Kamilla Lukkari (t.h.) er også på laget.

Hadde ikkje gått skirenn på fleire år då Northug ville ha ho med på Marcialonga: – Eg tenkte «Herregud, det er eg ikkje klar for»

Katrine Seim (26) fekk nærast sjokk då Petter Northug spurte om ho kunne tenkje seg å gå langløp.

Den tidlegare langrennsløparen frå Hol hadde ikkje gått skirenn på fleire år. Ho var eit stort talent i junioralder, med både landslagsplass og fleire medaljar. Men ho har ikkje konkurrert på ski sidan 2021.

Sundag gjekk ho inn til ein 65. plass i det sju mil lange Marcialonga for Team Burger King Petter Northug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Petter Northug seinhaustes i fjor spurte om ho kunne tenke seg å vere den tredje kvinna på langløpslaget hans i Ski Classics, vart ho sett ut.

Katrine Seim og Kamilla Lukkari trivst på Northug-laget. Sjølv om løpsvêret under Marcialonga ikkje var like bra som treningsdagane i forkant.

– Eg har jobba litt i RedBull og møtt Petter der, og så har me litt felles kontaktar gjennom eit anna firma eg har jobba for. Men eg tenkte «Herregud, det er eg ikkje klar for», så eg måtte få tenke meg om.

– Men du sa ja?

– Ja, eg tenkte nokre timar og så svara eg ja. Eg har trent bra dei siste åra, og Petter hadde tru på at eg skulle klare det. Det var noko med det gamet her, med skirenn og treffe folk, konkurrentar og venner, det freista.

Fekk lungetrøbbel

Då ho var aktiv konkurranseløpar sleit ho med lungene i lang tid.

Katrine Seim går på langløpslaget til Petter Northug i vinter.

Ho hadde mykje vondt, fleire rundar med infeksjonar og seier sjølv ho «trente seg spent i hel» og hadde ei kjensle av å aldri få henta seg heilt inn. I ettertid har ho hatt fleire undersøkingar som har avdekt ein skade på lungene.

Team Burger King Petter Northug

Norsk langløpslag med SkiClassics-satsing.

Menn: Petter Northug, Even Northug, Joar Thele, Leopold Strand

Kvinner: Alessia De Zolt, Kamilla Lukkari, Katrine Seim

Pro Team Direktør: John Northug

– Skigåinga har tæra på kroppen. Og kroppen gav seg nok før hovudet. Eg måtte ta eit val om å ikkje tyne kroppen så hardt. Eg er glad for å ha funne ut kva det var, så eg kan trene og gå på ski, og ha ein fungerande kropp. Men det var mykje hosting på skirenn, seier Seim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moro å oppleve

No er ho på innsida av langløpssirkuset, og får oppleve «Sirkus Northug» frå innsida.

– Sponsoren er jo litt kontroversiell, men eg trur langrennssporten treng det. Dei treng litt liv og gneist for å få interessa. Det er heilt rått å sjå på alt oppstyret som kjem med Petter og det rundt.

Katrine Seim (nr. to f.h.) i lag med f.h., Petter Northug, Kamilla Lukkari og Joar Thele.

Northug-teamet, som består av tre herre- og tre dameløparar, omtalar Seim som ein familie på tur.

– Gutane har teke så godt imot oss. Dei hjelper oss med det me treng. Eg fekk t.d. låne ski av Petter.

Ho er meir forsiktig med forventningane til eigne prestasjonar utover i sesongen.

– Eg er langt unna toppnivå. Eg har for lite intervall i kroppen til det. Men Petter har sagt at eg skal gå med låge skuldrer og gjere den jobben som trengst.

Planen førebels er at ho skulle starte med Marcialonga, og etterpå gå Birbeinerrennet, Vasaloppet, og kanskje nokre av renna i Nord Norge.

– Eg skal berre ha det kjekt. Det er ikkje mange som får denne sjansen.