Hjartestartaren på Ursus, treningssenteret i Thonhallen i Flå, var ikkje i AMK sine register i januar i fjor, då ein fall om med hjartetrøbbel. No i januar var den registrert i det private registeret, men ikkje i det offentlege. Flå kommune visste ikkje at det var to register og ordnar no opp.

Kan vera snakk om liv og død: – Det hjelper ikkje å ha ein livreddande maskin når ingen veit kor den er

Ein hjartestartar gir livreddande hjelp fram til ambulansen kjem. Men kor er dei? Hendingar syner at AMK ikkje har oversikt over alle.

Kor er den næraste hjartestartaren i ditt område? God kunnskap om dette, er ofte samla hjå AMK. Men då er dei avhengige av at hjartestartaren er registrert, og gjerne også i det offentlege registeret. Det finst nemleg to.

Mange hjartestartarar er ikkje registrert. Målet er å få fleire i registeret så dei er lett tilgjengeleg, også om noko fell om på gata utanfor. Her frå inne hjå Hallingdølen.
Hjartestartar

Det finst fleire typar hjertestartarar (defibrillatorar). Dei skal vere enkle å bruke og rettleie deg fram til ambulanse kjem.

Apparatet gir elektrisk støyt som kan få rytmen tilbake til normalt. Apparatet er trygt å bruke, og det er hjartestartaren som bestemmer om støyt kan/eller skal bli gjeve.

Kven som helst, uavhengig av alder, utdanning eller tidlegare erfaring, skal med bruk av hjartestartar og HRL kunne redde livet til nokon som er ramma av hjartestans

For kvart minutt som går etter ein hjartestans, minskar sjansen til å overleve med heile 10 prosent. Risiko for permanent hjerneskade er stor alt etter tre-fem minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje registrert

Det syner seg at det er fleire hjartestartarar som ikkje er registrert, eller feilregistrert, her til lands. Då er dei ikkje gripbare for korkje 113-sentralane, nødetatar eller folk flest.

Det skal vere nærare 10.000 aktive hjartestartarar i Norge, ifølge det offentlege hjartestartarregisteret: www.hjertestarterregister.113.no (tal frå 2022).

Les også
Dei handla raskt og redda livet til Ole (80): – Eg er så imponert over ungdommane som beheld roa då det skjedde

I januar i fjor, var det ei hending i Thon-hallen i Flå. Ole Kristoffer Grimeli segna om, og det vart ringt 113 og sett i gang med livredning. AMK-sentralen guida to personar i førstehjelp. Sentralen visste ikkje at det fanst ein hjartestartar i same bygg.

Så var det ein av dei som dreiv med hjarte- og lungeredning som kom på at det fanst ein hjartestartar i bygget.

Denne var ikkje i registeret.

Ole Kristoffer Grimeli fortalde om den dramatiske hendinga i Hallingdølen i desember.

Flå-ordførar Merete H. Gandrud tok tak etter hendinga i Thon-hallen.

Fleire tiltak

Etter hendinga i Flå, gjorde kommunen fleire tiltak.

– Eg inviterte alle i administrasjonen på kurs i bruk av hjartestartar. Dei er ikkje lovpålagt dette, men det var eit ønske frå fleire, fortel ordførar Merete Gandrud. Ho fortel og at dei tok ein gjennomgang på hjartestartarane sine. Dei ansvarlege for hjartestartaren i Thon-hallen gjorde endå eit forsøk på å få den registrert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Hallingdølen sjekka no i januar, var hjartestartaren i Thon-hallen registrert i det private registeret, men ikkje i det offentlege. Dermed heller ikkje i appen Hjelp113.

Byggesakshandsamar Sven-Harald Ness vart overraska over opplysninga. Han trudde alt var i orden.

Han har no teke ein ny gjennomgang, både hjå private og kring dei offentlege hjartestartarane i kommunen. Nokre er ikkje registrert på grunn av avgrensa opningstid. Andre er tilgjengelege heile døgnet.

– Dei fire offentlege skal me gå gjennom og få registrert skikkeleg, seier han.

Les også
Fem gode råd viss nokon rundt deg får hjartstans: – Ikkje ver redd for å gjere noko
Les også
– Dei må sitja på tvang og vente. Då kan eg like godt tvangsinformere dei
Harald Lystad følger opp hjartestartarar fleire stader i Hemsedal. Han håpar fleire registrerer hjartestartaren sin, så dei er synlege i appen Hjelp113.

Engasjert dokter

Ein som engasjerer seg sterkt i både å få på plass hjartestartarar og halde dei aktivt registrert, er Harald Lystad, pensjonert lege i Hemsedal. Han fortel at hjartestartarar på legekontor og til dømes bygdeheimar, ofte ikkje er registrert. Det er vorte sjølvsagt at dei finst der. Men dei kan like godt vere registrert dei og.

– Det hjelper ikkje å ha ein livreddande maskin når ingen veit kor den er, skreiv han i eit lesarinnlegg etter å ha lese om hendinga i Thonhallen i Flå.

Han påpeiker kor viktig det er å registrere hjartestartarane, men og at dei må sjekkast jamleg om lyset er grønt og datoane innanfor. Hjartestartarane må oppdaterast på nett kvart halvår for å vere aktivt registrert. Dette kjem det epost om til ansvarspersonen.

– Dei kan ikkje risikere å ha ein registrert hjartestartar som ikkje fungerer, seier han. Å følge opp registreringa er dermed like så viktig. Rådet er å la det gå mail til to personar, så blir sjansen for oppdatering dobla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fekk hjartestans på flyet: – Eg følte eg berre reiste bakover inn i eit mørkt rom. Dei meiner eg var borte i tre minutt

Lystad har fleire hjartestartarar i Hemsedal som han har ansvaret for å følge opp.

– Folk skjønar ikkje kor viktig dette er, påpeiker han og oppfordrar til å registrere hjartestartaren i det offentlege registeret.

– Helst skulle alle hjartestartarane henge ute, tilgjengeleg heile døgnet, legg Lystad til.

Det kostar nokre kroner ekstra, men er ein viktig livreddar.

To registre

Offentleg: hjertestarterregister.113.no

Privat: norskhjertestarterregister.no

To hjartestartarregister

Det offentlege Hjertestarterregisteret er nasjonalt og blir drifta av helsemyndigheitene. Her er registrerte hjertestartarar synleg for alle 113-sentralane og i nød-appen Hjelp113.

I registeret hjertestarterregister.113.no kan du sjølv registrere hjartestartaren og modellen du er ansvarleg for. Du skal logge inn i registeret kvar sjette månad og bekrefte opplysningane. Registreringa er gratis.

NAKOS (Nasjonal kompetanseteneste for prehospital akuttmedisin) ved Oslo Universitetssjukehus) er ansvarleg for drifta av det offentlege registeret.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2012 vart det oppretta eit privat register; norskhjertestarterregister.no som og har omfattande informasjon om kor du finn næraste hjartestartar. Alle synest ikkje, så langt me kan sjå, i nødappen Hjelp113.

AMK

16 AMK-sentralar (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) handterer i dag det nasjonale medisinske naudnummeret 113.

AMK bestemmer kva for ressursar som skal sendast til dei ulike hendingane som blir meldt inn. AMK koordinerer ambulanse- eller redningshelikopter, brann- og redningsvesen, politi og mottakande sjukehus og traumeteam. Dei gir og medisinsk rådgjeving.

I 113-appen kan du finne nærmaste, registrerte hjartestartar.