Statsforvaltaren melder om redusert mobildekning
Statsforvaltaren melder tysdag om redusert mobildekning i deler av Hallingdal.
Dette gjeld abonnentar til Telenor og Lyse Tele, og det gjeld områda mellom Torpo i Ål og Geiterygghytta og Djupsvatnet i Hol.
Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershushar følgjande råd:
Artikkelen held fram under annonsen.
Nødnummera skal vere tilgjengelege for publikum så lenge det er dekning frå ein annan mobiloperatør i området.
Dersom ein har trådlaust breiband, har dei fleste høve til å ringe med WiFi-tale.
Alternativt kan ein bevege seg til eit område som har mobildekning.
Dersom du ikkje får kontakt med nødetatane i ditt område, ring til legevaktsentralen på tlf. 116 117.