Hallingdølen på nett i ny drakt – men me treng hjelp frå deg
Frå 6. februar vil Hallingdølen på nett koma i ny og forbetra drakt.
Endringane fører til at me treng hjelp av abonnentane til å oppdatere sine digitale profilar. Men frykt ikkje – det er fort gjort.
Endringa er ein del av at Hallingdølen no er ei del av Polaris Media, etter at mediekonsernet i haust ovetok 81 prosent av aksjane i Hallingdølen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me både håpar, trur og meiner at omlegginga vil gjera nyheitskvardagen til lesarane våre endå eit hakk betre. Med nytt system er målet å vera både raskare, meir oversiktleg og visuelt betre – anten du sit med mobil, PC eller nettbrett.
Det nye systemet inneber likevel at du som digital brukar må gjera nokre enkle grep for å framleis lesa oss på nett. Endringa er at alle abonnentar treng ein Schibsted-konto. Det kan gjerast no, slik at alt er på plass når omlegginga skjer om to veker.
Har du konto hos VG, Finn.no eller E24? Då kan du bruke den same innlogginga så snart du har oppdatert brukaren. Alternativt kan du opprette ein ny Schibsted-konto.
Etter dette vil du kunne bruke same innlogging på Hallingdølen, VG, BT, for eksempel, så framt du er abonnent.
Ein del av lesarane våre har også fått e-post eller tekstmelding om å oppdatere sin digitale brukar. Den kan de trygt stole på.
Oppdatering av Schibsted-konto eller oppretting av ny Schibsted-konto kan du gjera anten på mobilen, nettbrettet eller PC-en. Følg instruksjonen på les.hallingdolen.no/schibsted
Me i redaksjonen gler oss til å vise fram innhaldet vårt på Hallingdolen.no i ny drakt både på mobil og PC.
Dersom du treng hjelp til innlogging, kan du kontakte kundesenteret vårt på epost abonnement@hallingdolen.no eller på telefon 32 08 65 00 mellom klokka 09:00 og 15:00.
Artikkelen held fram under annonsen.