Faktoreigedomar skal seljast
– Mest truleg vil salet av eigedomsmassen Faktor-gruppen ASA rådde over i Hemsedal kome i gang tidleg på nyåret.
Dette opplyser Christian Vinjar Eid i Wikborg & Rein Advokater til Hallingdølen. Eid reknar med at prosessen vil gå relativt raskt. Burettslagseiningane og leilegheitene som buet no sit på går i all hovudsak i utleige gjennom Skistar Hemsedal. Også desse vil bli lagde ut for sal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Første skiftesamling etter konkursen i Faktor-gruppen ASA skjedde i Sarpsborg tingrett 14. november. Konkursen var eit faktum i slutten av september. Då var gjelda på om lag ein halv milliard kroner. Det blir framleis arbeidd for å få fullstendig oversikt over dei mange dotterselskapa og dermed også kva eigedelar som konkursbuet no sit på.