Meir motivert enn nokon gong
– Me har aldri angra på at me braut med landslaget, seier Hege og Håvard Bøkko heime på juleferie i Hovet.
skøyter: Det har vore eit hektisk år for syskenparet.
Dei har kring 200 reisedøgn i året og fekk så vidt tid til å treffe skøytevener på skøytebanen i Hol i romjula.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er godt å lande litt no, å koma heim og feire jul i Hovet. Det blir mange hotellrom og ein bur i bag store delar av året, seier Håvard Bøkko.
Godt forhold
Etter at dei braut med forbundsgruppa på vårparten og gjekk til privatlaget Team CBA har dei framleis eit venskapleg forhold til landslagsløparane.
– Det er ingen dramatikk slik situasjonen er no. Me har framleis eit godt forhold til både landslagsleiinga og løparane, me er jo ein venegjeng, seier Hege.
– Det er ikkje slik at me ikkje har kontakt, sjølv om me ikkje er ein del av landslaget. Me bur som regel på det same hotellet når me er på verdscupløp og ser kvarandre heile tida. Den einaste skilnaden frå i fjor er at me ikkje trenar saman, seier Håvard.
Tilbake til start
Den største skilnaden frå i fjor heiter likevel Peter Mueller.
– Han gir oss auka motivasjon til å prestere. Det er meir moro å gjere det bra i år når det er fyrste sesongen utanfor landslaget, seier Håvard Bøkko
CBA-teamet består av løparar frå seks nasjonar, med Bøkko-syskena som dei einaste norske. Det har også vore med og auka motivasjonen.
– Me er ein utruleg fin gjeng som har mykje moro i lag. Det er kjekt å trene med nye fjes, og eg har aldri angra på at eg valde CBA, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har hatt fleire samlingsdøgn enn tidlegare og meiner treningsopplegget før denne sesongen er meir rett enn det var før fjoråret.
– Det har vore hardt, men godt. Eg har hatt fleire dagar i år der eg har gått sliten til sengs enn eg hadde i fjor. Det trur eg er bra, seier Håvard.
-Såg oss
At banda mellom skøytesyskena og trenar Peter Mueller er spesielt, har ikkje vore nokon hemmelegheit.
– Kva er det med Peter?
– Me har utruleg god personkjemi. Det var han som tok oss inn under vengene då me var 15–16 år, lenge før nokon andre hadde tort å satse på oss. Han gav oss tillit før me var klar for noko landslag. Det har betydd mykje, seier Hege Bøkko.
– Han har vore som ein ekstra far. Me har frå fyrste stund vorte behandla som me er familie, og det er alltid god stemning der han er, fortel ho.
CBA-løparane meiner tilliten og bandet til trenar Mueller har mykje å si for det mentale.
– Me har ein trenar som gir mykje av seg sjølv. Han får alltid fram smilet, og det er aldri stille ved middagsbordet. Samstundes har han tru på oss, seier dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klar for medaljar
Samarbeidsavtala mellom skøyteforbundet og CBA seier at Mueller ikkje har lov til å sekundere syskenparet frå vekslingssida viss dei ikkje går mot andre CBA-løparar.
– Det er synd, men me får ikkje gjort noko med det. Det er ikkje vits i å bruke tid og krefter på noko som alt er avgjort. Då får me heller gjere det beste ut av situasjonen og håpe at det kan løyse seg på sikt, seier dei.
– Peter har færre meter å gi beskjedar på når han må stå på utsida av vantet, men han skrik høgt så me høyrer dei få beskjedane han rekk å gje, fortel Hege.
Trass i alle utfordringane, tenker dei mest på det sportslege.
– Sesongen til no har vore brukbar. Dei to siste verdscuphelgane er eg nøgd med. Eg meiner eg er der eg skal vere før høgdepunkta i sesongen kjem på nyåret. No har det vore ein lang pause frå internasjonale konkurransar, men eg har trent godt i denne perioden, seier Håvard.
– Eg hadde ingen god sesongstart, men gjekk nokre gode løp i NM før jul og trur at det har losna no, seier Hege.
No ventar treningssamling på Hamar før syskena set kursen mot den ungarske hovudstaden, der EM går fyrste helga i januar.
-