Stadig fleire sauer overlever beitesesongen.
Stadig fleire sauer overlever beitesesongen.

Færre sauer tekne av rovdyr

Det er ti år sidan det vart tekne færre sauer av rovdyr enn i 2011.

Tal Nationen har henta inn syner at det vart teke fem prosent færre sauer av rovdyr i Buskerud i 2011 enn året før.

Totalt har bønder fått erstatta 1.666 sauetap til rovdyr i år. I 2010 var talet 1.754 sauer. Nedgangen på 88 sauer tilsvarar fem prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedgang

Landet sett under eitt ligg det an til å hamne under 30.000 erstatta sauetap til rovdyr i år. Ikkje sidan 2001 har talet vore så lågt, då vel 29.000 sauer vart erstatta.

Nationen har samanlikna ti fylke som stod for over 95 prosent av alle erstatningssakene i fjor. I år er det erstatta tapet i desse fylka redusert med over 3.000 dyr.

Auke på Austlandet

Det er sauebønder i Hedmark som har fått erstatta flest rovdyrtap, med 6.858 sauer. Det er ein auke på 6,2 prosent. Også Oppland og Telemark opplever ein auka.

Størst er nedgangen i Vest-Agder med heile 76,9 prosent, men her er det også veldig få sauer som blir tekne av rovdyr, nærare bestemt 145 dyr i år.