Det syner seg at pleieheim, slik som Elverhøy helsetun, er dyrare enn omsorgsbustader, heiter det i reknestykket for Nes kommune. (Arkivfoto)
Det syner seg at pleieheim, slik som Elverhøy helsetun, er dyrare enn omsorgsbustader, heiter det i reknestykket for Nes kommune. (Arkivfoto)

Sparer pengar på omsorgsbustader

Ein institusjonsplass er dyrare å drive enn ein omsorgsbustad.

Reknestykket er gjort i samband med at Nes kommune vurderer buforma innan pleie- og omsorgstenesta.

Eitt stikkord er bustadene på Sagtomta som er som er organisert som eit burettslag. I tillegg til desse kjem kommunale bustader med døgnbemanning og institusjonsplassar i form av ulike typar korttidsopphald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rimelegare

I vurderinga av dei ulike bustadmodellane er det gjennomført ei brukarundersøking. Men deltakarprosenten var relativt låg, og ein har derfor ikkje data som gir eit klar svar.

Men dei økonomiske forskjellane vart presentert i siste møte i kommunestyret. Utgreiinga viser at ein omsorgsbustad kostar kommunen netto godt og vel 441.700 kroner i året, mens nettokostnadene for eit langtidsopphald i institusjon er 478.852 kroner i året. Med andre ord kostar ein omsorgsbustad kommunen 37.111 kroner mindre enn ein langtidsplass i institusjon. Nes kommune har 51 døgnbemanna omsorgsbustader, det gir ein samla innsparing på over 1,8 millionar i året.

Kjem opp att

Det var det gamle kommunestyret som bad om denne utgreiinga av buformene. Det nye kommunestyret gjekk ikkje vidare med saka no. Den blir teken opp att i løpet av april neste år.