Det kan bli blautt å hente juletre i år. Meteorologane varslar mildvêr. (Arkivfoto)
Det kan bli blautt å hente juletre i år. Meteorologane varslar mildvêr. (Arkivfoto)

Mild julehelg

Det kan bli ei julefeiring med varmegrader i år.

Meteorologane leivde lite håp om blåkald julestemning i helga.

Allereie vesle julekvelden blir det varmegrader. Sjølvaste julekvelden blir det så vidt over på minussida, men 1. juledag blir det igjen fleire varmegrader dei fleste stader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juleregn

Mildvêret held fram måndag 2. juledag.

Meteorologane varslar dessutan nedbør, så det ligg an til å bli ei regnvåt julehelg.

Før mildvêret kjem, blir det nokre kalde dagar i Hallingdal. Det er spådd litt snø torsdag, men elles opphaldsvêr.

Blir kaldare

Frå 3. juledag skal det bli kaldare att.

Langtidsvarselet varar til torsdag 5. juledag, så korleis nyttårsvêret blir må me vente spent på.