Gerd Eli Berge (Sp) etterlyser ryddigare rutinar og prosessar i samband med avstemmingar i Nes kommunestyre.
Gerd Eli Berge (Sp) etterlyser ryddigare rutinar og prosessar i samband med avstemmingar i Nes kommunestyre.

Berge kritiserte møteleiinga

Gerd Eli Berge (Sp) var endå ein gong kritisk til ei avstemming i det nye kommunestyret i Nes.

I det førre møtet kladda det seg under eit par val av medlemmer til nemnder og råd.

I møtet torsdag gjekk Berge på talarstolen då protokollen frå det førre møtet skulle godkjennast. Denne gongen påpeika ho at det må synleggjerast om varamedlemmene i råda som vart valde er personlege, eller om dei er prioritert i rekkjefølge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessutan: – Avstemminga i saka om ordførargodtgjersla i førre møte var ikkje i tråd med korleis det skal gjerast. Det må vere ryddige prosessar og avstemmingar, sa Berge.

– Det er sikkert rett, svara Kjell Ålien (Ap). - Men viss ein vil angripe ein avstemmingsmåte, må det gjerast før avstemminga.

Ordførar Tor O. Magnussen takka for rettleiinga.

– Eg skal prøve å vere så ryddig som mogleg, sa Magnussen.