Offentleggjer elevresultat
Elevar og lærarar skal motiverast til å bli betre når karakterane blir offentlege.
Resultat frå dei vidaregåande skulane i Buskerud skal offentleggjerast. Hovudutvalet for utdanningssektoren behandla saka torsdag, og meiner offentlege karakterar kan bidra positivt fordi lærarar og elevar blir motiverte til å gjera det godt.
Resultata skal gjerast lett tilgjengelege for elevar, foreldre, lærarar og andre interesserte på heimesidene til kvar skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til offentleggjering på nett, vedtok utdanningspolitikarane at detskal lagast ei brosjyreutgåve for kvar skule.