Fjerdeplass på 10.000 meter
Håvard Bøkko vart nummer fire på sundagens 10.000 meter under verdscupen i Astana.
Skøyter: Jorrit Bergsma (Nederland) vant distansen på tida 12:50.40, framfor landsmannen Bob de Jong og Seung-Hoon Lee frå Sør-Korea. Bøkko gjekk inn på tida 13:07.54, 17 sekund og 14 hundredelar bak Bergsma. Sverre Lunde Pedersen vart nummer fem.
På kvinnene sin 1500 meter vant Christine Nesbitt frå Canada med tida 1:57.18. Med ein tiandeplass vart Ida Njåtun best av dei norske jentene. Ho gjekk i mål på tida 1:58.63, 1.45 bak Nesbitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hege Bøkko vant B-gruppa med tida 2:00.94.